Æthelflæd

Æthelflæd (gammalengelsk Æðelflæd, i tidlegare historie òg nemnd som Ethelfled eller Ethelfleda; f. 869/870, d. 12. juni 918) var den eldste dottera til kong Alfred av Wessex og Ealhswith, og ho var gift med Æthelred, ealdorman av Mercia. Etter at han døydde tok ho sjølv leiinga av Mercia (911–918), og blei titulert som «frua av mercianarane».

Æthelflæd
Æthelflæd as depicted in the cartulary of Abingdon Abbey.png
Føddca. 850
FødestadWessex
Død12. juni 918
DødsstadTamworth
GravstadSt Oswald's Priory, Gloucester
Gift medÆthelred, ealdorman av Mercia
DynastiHuset Wessex
FarAlfred av England
MorEalhswith av Mercia
BornÆlfwynn
Kart over kongedømet Mercia og utviklinga det hadde frå 500-talet (mørk grøn), 600-talet (grøn) til 700-talet (gul).

Familie og ektefelleEndra

Æthelflæd er nemnd av kong Alfred sin biograf Asser, som kallar henne den førstefødde av barna til Alfred og Ealhswith, og ei syster av Edvard, Æthelgifu, Ælfthryth og Æthelweard.[1] På tida då han skreiv dette, rundt år 890, var ho allereie gift med Æthelred, som då var ealdorman av Mercia.

Då ho reiste til Mercia for å bli gift blei følgjet hennar angripe av danane. Dette kan tolkast som eit medvite forsøk på å drepa henne og øydeleggja for alliansen mellom Wessex og Merica, men kan like gjerne ha vore eit tilfeldig dansk herjingstokt. Sjølv om halvparten av følgjet blei drepe i det første angrepet, skal Æthelflæd og folka hennar ha forskansa seg i ei grøft og klarte å slå danane tilbake.

Med Æthelred fekk ho ei dotter, Ælfwynn.

Mercia og vikinganeEndra

I løpet av dei gjentekne angrepa mellom 865 og 878 klarte dei danske vikinghærane å velta dei fleste av dei engelske kongedømma, som Northumbria, austlege Mercia og East Anglia, og truga òg Wessex. Alfred og etterkommarane hans gjenerobra desse landområda frå danane innan år 937.[2]

I staden for å gjera dominansen over Mercia til ei erobring lét Alfred dottera si Æthelflæd gifta seg med Æthelred av Mercia og gav svigersonen sin tittelen ealdorman eller jarl av Mercia, noko som tillét Merica å halda på ei form for sjølvstyre. Sidan vestlege Merica aldri kom under dansk kontroll og blei verande sterkt var dette eit klokt val. Det blei vist ytterlegare omtanke då dei to kongedømma blei slått saman. Mercia blei ikkje oppslukt inn i Wessex, men dei to rika utgjorde kva si eining i kongedømmet England. Dette omgrepet reflekterte det diplomatiske føremål til Alfred i å integrera anglarane og saksarane til eitt folk, angelsaksarane.

Frue av mercianarane (911–918)Endra

Medan Æthelred framleis var i live signerte Æthelflæd avtaler, noko som har fått ein del historikarar til å trekkja slutninga om at det var ho som var den reelle herskaren. Då ektemannen døydde i 911 etter slaget ved Tettenhall blei ho framheva og gjeven status som «frue av mercianarane». Dette var ikkje berre ein tittel berre i namnet; ho var ein viktig militær leiar med taktisk klokskap.

Æthelflæd herska i bortimot åtte år, ifølgje Den angelsaksiske krønika, frå den nyleg forskansa hovudstaden ved Stafford. Det er sannsynleg at det engelske grevskapet Staffordshire blei danna under hennar styre. Ho forskansa dei eksisterande grensene til riket og gjenerobra Derby.

Ho døydde i Tamworth i 918, og blei gravlagt ved St Peter's Church (i dag nonneklosteret St Oswald's priory) i Gloucester, ein by ho bygde opp frå dei romerske ruinane frå ei tidlegare bydanning. Ho fastsette den grunnleggjande gatestrukturen i byen, som framleis er ved lag. Ho lét etterkvart dottera si Ælfwynn vera medherskar av Mercia.

ÆlfwynnEndra

Herredømmet over Mercia gjekk i arv til dottera Ælfwynn. Krønikeskrivarane har merka seg retten til Ælfwynn med stor presisjon for å ikkje så nokon tvil om kravet hennar, og dette er gjeve betydeleg verdi for å visa at herredømme over land kunne arvast av ei kvinne.

Likevel blei Ælfwynn nøydd til å underkasta seg morbroren sin, kong Edvard den eldre av Wessex. Etterfølginga av Edvard stadfesta unionen mellom dei to tidlegare skilde kongedømma, og blei danninga av kongedømmet England. I samband med dette blei den svakare parten, Ælfwynn, teken i forvaring av onkelen sin, som fortsette faren Alfred si krigføring mot danane. Ælfwynn forsvinn ut av historia og truleg levde ho resten av livet sitt i eit nonnekloster.

Tyding i RuncornEndra

Lokalhistoria for byen Runcorn i Cheshire hevdar at Æthelflæd kom langs elva Mersey på vestbreidda og nådde kurven der elva smalnar. Her bygde ho ei borg av tre på sørbreidda for å hindra vikingar i å segla opp elva. Garnisonen trong forsyningar og det voks opp ein liten landsby ved sida av borga. Landsbyen utvikla seg seinare til byen Runcorn.

Under bygginga av ei jernebanebru her av jarnbaneselskapet London and North Western Railway (LNWR) blei det grave fundament for den sørlege brupilaren, og då oppdaga ein restane av borga. Denne brupilaren har fått namnet «Ethelfleda's Pier». Ei utsmykking ved staden for den gamle brua Transporter Bridge har namnet hennar på ein plakett og viser henne ridande på ein kvit hest over ei vindebru medan ho forlet ei borg i stein kalla «Runcorn Castle». Dette er ikkje heilt historisk korrekt ettersom den normanniske borga som ligg på åsen i byen er kalla Halton Castle og blei reist langt seinare, rundt 1070, for den første baronen av Runcorn, eit hundreår etter Æthelflæd.

KjelderEndra

  1. Asser: Vita Ælfredi, kapittel 75.
  2. Hill, Paul: The Age of Athelstan, Tempus Publishing, 2004. ISBN 0-7524-2566-8

LitteraturEndra

Primære kjelder
  • Asser: Vita Ælfredi, red. W.H. Stevenson, Asser's Life of King Alfred. Oxford, 1904; overs. S.D. Keynes & M. Lapidge, Alfred the Great. Harmondsworth, 1983.
  • Anglo-Saxon Chronicle (MSS A, B, C, D and E), red. D. Dumville & S. Keynes, The Anglo-Saxon Chronicle. A Collaborative Edition. Bind 3–7. Cambridge, 1983.
  • Fragmentary Annals of Ireland, red. og overs. Joan N. Radner, Fragmentary annals of Ireland. Dublin, 1978.
  • Angelsaksiske chartere: S 221(AD 901), S 223 (AD 884 x 901), S 224 (AD 901), S 225 (AD 878 for 915), S 367 (AD 903), S 1280 (AD 904).
Sekundære kjelder
  • Costambeys, Marios (2004): «Æthelflæd (d. 918)». I Oxford Dictionary of National Biography. Oxford University Press.
  • Wainwright, F.T. (1975): «Æthelflæd, lady of the Mercians». I Scandinavian England. 305–24.
  • Szarmach, P. R. (1998): «Æðelflæd of Mercia, mise en page». I Words and works: studies in medieval English language and literature in honour of Fred C. Robinson, red. P.S. Baker & N. Howe. 105–26.
  • Keynes, Simon (1998): «King Alfred and the Mercians». I Kings, currency and alliances: history and coinage of southern England in the ninth century, red. M.A.S. Blackburn & D.N. Dumville. 1–46.
  • Walker, Ian W. (2001): Mercia and the Making of England.
  • Stenton, Sir Frank (2001): Anglo-Saxon England
  • Pollard, Justin (2005): Alfred the Great: the Man Who Made England
  • Stansbury, Don (1993): The Lady Who Fought Vikings
  • Wolfe, Jane (2001): Aethelflaed: Royal Lady, War Lady
  • Heighway, C. & Bryant, R. (1999): The Golden Minster
Populærlitteratur
  • Haley, Elizabeth Garwood: Swords across the Thames, Bruceton Mills, 1999. ISBN 0-9659721-8-6
  • Tingle, Rebecca: Far Traveler, G. P. Putnam's Sons, 2005. ISBN 0-3992389-0-5: A semi-fictional account of the life of Aelfwynn
  • Cornwell, Bernard: The Saxon Stories, en bokserie om henne, hovedsakelig i Sword Song (2007 ISBN 978-0007219711) og The Burning Land (2009 ISBN 978-0-00-721975-9).
  • Tingle, Rebecca: The Edge on the Sword en fortelling om Æthelflæd som tenåring.
  • Kirwan, Chris: Shadowers Crossing (2008 ISBN 978-0-9558709-0-3) omhandler Æthelflæds endelig befestning av Castle Rock i Runcorn i år 915.