Ali-garn

Ali-garn (også kalla adii) er ei gruppe ghanesiske fiskegarn. Aligarna vart truleg først introdusert av europearar og så først teke i bruk av fiskarar frå ga-folket (frå Labadi eller Teshie) ein gong på slutten av 1800-talet eller byrjinga av 1900-talet. Garnet blir bruka til å fiska sild, men har også blitt modifisert til å kunna fanga annan fisk.

Saman med andre nye garn var aligarnet ei stor forbetring i forhold til det som hadde blitt brukt før, og var mykje meir effektivt. Aligarnet blir bruka i alifisket, saman med store havkanoar.

Fram til 1950-åra vart alifisket dominert av Fante-folket, men det vart også praktisert av Ga-folket. Frå 1920-åra og fram til midten på 1900-talet vart alifisket etterkvart ein av dei dominerande fiskemetodane i Ghana.

Størrelsen på aligarn har auka heilt sidan ein byrja å bruka dei. På midten av 1930-åra vart den rapportert til å vera 210-302 meter (230-330 yard) lange og 8,7 meter (9,5 yard) vide; tidleg i 1950-åra auka dette til 366 meter (400 yard) · 36,6 meter (40 yard) og seint i 1970-åra vart det rapportert om 1097 meter (1200 yard) lange garn. Samtidig med dette var tendensen at garnlykkjene vart mindre.

ReferanseEndra

KjeldeEndra

BibliografiEndra

  • E. Vercruijsse (1984). The Penetration of Capitalism. A West African Case Study. London. Side 36.

BakgrunnsstoffEndra