Fiskegarn

Fiskegarn eller fiskenett er ein type fangstgarn ein bruker ved garnfiske. Det er eit nett som kan fanga eller sperra inne og samla fisk. Fiskegarn blei tradisjonelt laga ved å knyta relativt tynn tråd til eit nett av maskar. Nyare fiskegarn er normalt laga av nylon eller andre polyamid. Nett av organiske polyamid, slik som ull eller silke, var vanlege inntil nyleg, og er fortsatt i bruk i nokre område.

Fiskarar med fiskegarn i Bangladesh

Eit fiskenett har typisk søkker nedst og flytarar øvst for å stå loddrett i vatnet. Ein kan også festa det til ei flyteline i toppen og synkeline i botnen. Søkker i dag er som oftast av bly og flytarane, kavlene, av plastskum eller hole plastsylindrar. På eldre garn var flytarane ofte laga av kork eller glaskuler (kjende som garnkuler).

Nokre typar garn er fjordgarn/torskegarn, trollgarn og krabbegarn.

KjelderEndra

LitteraturEndra