Alija Mustafina
Alija Farkhatovna Mustafina (fødd 30. september 1994) er ein russisk tidlegare turnar frå Jegorjevsk. Ho vart verdsmeister 2010 og europameister 2013 i mangekamp, dessutan sikra ho seg to OL-gull i skranke og ytterlegare to VM-gull og fire EM-gull. Med til saman 31 medaljar frå ulike olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap er ho ein av dei mest suksessrike turnarane.
Alija Mustafina | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 30. september 1994 (30 år) Jegorjevsk |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2012 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Skranke kvinner, Turn under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar | Venskapsordenen, Æresordenen, olympisk gullmedalje, olympisk sølvmedalje, olympisk bronsemedalje |
Mustafina vann gull med Russlands lag og to individuelle sølvmedaljar ved Turn-EM 2010 i Birmingham. Hausten same året vann ho mangekampen i Turn-VM 2010 Rotterdam, i tillegg fekk ho gull i lagtevlinga og sølv i skranke og frittståande. Frå dei olympiske leikane i London i 2012 reiste ho med gull i skranke, lag-sølv og bronse i mangekamp og frittståande. I 2013 vann ho mangekampen og skranke-øvinga ved europameisterskapen i Moskva, deretter vann ho gull på bom og bronse i mangekamp og skranke ved verdsmeisterskapen i Antwerpen. År 2014 vann ho tre medaljar i Turn-EM i Sofia og tre bronsar i Turn-VM i Nanning. Våren 2016 vart ho i Bern europameister på bom med Russland i lagtevlinga. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro forsvarte ho meistertittelen i skranke, tok sølv med det russiske laget og bronse i mangekampen. I sitt siste meisterskap, Turn-VM 2018 i Doha, tok Mustafina del i tre av dei fire øvingane då Russland vart nummer 2 i lagtevlinga, individuelt enda ho på femteplassen i spesialøvinga skranke.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aliya Mustafina» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2023.