Sofia
- Sjå òg namnet Sofie og Sofia församling i Sverige
Sofia (bulgarsk София, Sofija) er hovudstaden og den største byen i Bulgaria. Byen ligg i den vestlege delen av landet, i Sofiadalen ved foten av fjellet Vitosja, og er det administrative, kulturelle og økonomiske senteret i landet. Byen har vel 1,2 millionar innbyggjarar, og er med det den 15. største byen i EU.
Sofia | |||
София | |||
Kommune | |||
Alexander-Nevski-katedralen i Sofia
| |||
|
|||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Sofia | ||
Del av | Shopluk | ||
Koordinatar | 42°41′51″N 23°19′27″E / 42.69750°N 23.32417°E | ||
Høgd | 550 m | ||
Areal | 1 329,428 km² [1] | ||
Folketal | 1 274 290 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 958,53 / km² | ||
Ordførar | Bojko Borisov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Sofia 42°41′52″N 23°19′18″E / 42.697886°N 23.321726°E | |||
Sofia kommune i Bulgaria
| |||
Wikimedia Commons: Sofia | |||
Nettstad: sofia.bg |
Kommunen Sofia, som òg blir omtalt som «Hovudstad» (bulgarsk Столична), er den einaste kommunen i byprovinsen Sofia. Han omfattar sjølve byen Sofia, dei tre mindre byane Novi Iskăr, Bankja og Bukhovo, i tillegg til 34 andre busetnader.
Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 700-talet fvt., då thrakarar busette seg her. Byen har mellom anna òg vore romersk busetnad. Namnet på byen kjem frå gresk og betyr «visdom», og byen har hatt mange forskjellige namn gjennom tidene, og ein kan framleis sjå spor etter den lange historia til byen.
Areal og folketal
endreKommunen har eit areal på 1 329 km².[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 1 274 290 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 1 183 400 innbyggjarar.[2]
Dei største busetnadane i kommunen er:
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011)[3] | Folketal (2021)[2] |
---|---|---|---|
Sofia | София | 1 202 961 | 1 183 400 |
Novi Iskăr | Нови Искър | 14 754 | 13 589 |
Bankja | Банкя | 11 089 | 11 572 |
Lozen | Лозен | 6 312 | 6 687 |
Bistritsa | Бистрица | 4 949 | 5 945 |
Kazitsjene | Казичене | 4 829 | 5 049 |
Vladaja | Владая | 3 581 | 3 291 |
Volujak | Волуяк | 3 043 | 3 155 |
Pantsjarevo | Панчарево | 3 433 | 3 127 |
German | Герман | 2 564 | 2 858 |
Bukhovo | Бухово | 2 744 | 2 593 |
Tsjepintsi | Чепинци | 2 575 | 2 553 |
Svetovratsjene | Световрачене | 2 203 | 2 246 |
Kokaljane | Кокаляне | 1 941 | 2 076 |
Mramor | Мрамор | 1 955 | 2 039 |
Zjeleznitsa | Железница | 1 783 | 1 812 |
Busmantsi | Бусманци | 1 715 | 1 781 |
Negovan | Негован | 1 576 | 1 744 |
Mirovjane | Мировяне | 1 477 | 1 595 |
Dolni Pasarel | Долни Пасарел | 1 272 | 1 324 |
Dolni Bogrov | Долни Богров | 1 281 | 1 323 |
Krivina | Кривина | 1 418 | 1 279 |
Dobroslavtsi | Доброславци | 1 285 | 1 250 |
Jana | Яна | 1 207 | 1 160 |
Mărtsjaevo | Мърчаево | 1 218 | 1 158 |
Gorni Bogrov | Горни Богров | 1 194 | 1 144 |
Kătina | Кътина | 972 | 1 086 |
Storbyområdet
endreTil storbyområdet for Sofia høyrer heile kommunen Sofia i tillegg til kommunane:[4]
I provinsen Sofia:
I provinsen Pernik:
Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 1 493 927.[2]
Administrativ inndeling
endreKommunen Sofia er den einaste kommunen i byprovinsen Sofia, ein av 28 provinsar i Bulgaria (som ikkje må forvekslast med provinsen Sofia, som ligg rundt, men ikkje inkluderer byen). Kommunen, som omfattar byen Sofia, tre andre byar og 34 landsbyar, er delt inn i 24 distrikt.[1][5]
Historie
endreAntikken
endreSofia vart grunnlagd av thrakarar som Serdica, kalla opp etter den thrakiske stamma Serdi. Rundt 500-talet fvt. busette stamma Odrysi seg i området, kjend som personar (ethnos) med sitt eige kongedøme. Under ein kort periode på 300-talet fvt. kom byen inn under Filip II av Makedonia og son hans Aleksander den store.
Rundt år 29 e.Kr vart Sofia erobra av Romarriket og omdøypt til Ulpia Serdica. Byen vart eit municipium, eller senter for ein administrativ region under styret til keisar Trajanus (98-117). Den første nedskrivinga om Serdica vart gjort av Klaudios Ptolemaios (rundt 100 e.Kr). Byen vart utvida med små tårn på bygningar, bymurar, offentlege bad, administrative og kulturelle bygningar, ein basilika og eit stort amfiteater kalla Bouleutherion. Då keisar Diocletianus dela provinsen Dakia i Dacia Ripensis (ved breidda av Donau) og Dacia Mediterranea, vart Serdica hovudstad i Dacia Mediterranea. Byen vart utvikla dei neste 150 åra, og Konstantin den store kalla byen «Mitt Roma».
Serdica var ein mellomstor by, men var praktfull med planlagd planering og arkitektur, og eit aktivt sosialt liv. Byen blømde under leiing av den bysantiske keisaren Justinianus, då det vart bygd store slottsmurar kring byen, som ein framleisk kan sjå delar av i dag.
Byen vart øydelagd av hunarar i år 447, men vart gjenoppbygd av Justinianus og omdøypt til Triaditsa.
Mellomalderen
endreSofia vart før ein del av Det første bulgarske riket under styret til Krum i år 809. Etter dette vart byen kjend under det slaviske namnet Sredets og voks til ein viktig festning og administrativt sentrum.
Etter fleire mislykka omleiringar fall byen inn under Det bysantiske riket i år 1018, men vart igjen ein del av Det andre bulgarske riket og styret til tsar Ivan Asen I.
Frå 1100- til 1300-talet var Sofia ein viktig handel- og handverksstad. Han vart gjeve namnet Sofia (gresk for visdom) i år 1376 etter kyrkja St. Sofia. Byen vart kalla både Sofia og Sredets fram til 1500-talet] då det nye namnet gradvis erstatta det gamle.
Det osmanske riket
endreSofia kom etter kvart inn under Det osmanske riket under leiing av Murad I i år 1382] og vart hovudstad i den osmanske provinsen (beylerbeylik) Rumelia, som eksisterte til 1715 då dei fleste katolikkar emigrerte.
Det sjølvstendige Bulgaria
endreSofia var frigjeve av russiske troppar i år 1878 under den russisk-tyrkiske krigen (1877-1878) og vart hovudstad i det autonome fyrstedømet Bulgaria i år 1879, som vart kongedømet Bulgaria i 1908.
Under den andre verdskrigen vart Sofia bomba av allierte luftstyrkar seint i 1943 og tidleg 1944, og vart seinare okkupert av Sovjetunionen. Bulgaria sitt regime, som allierte landet med Nazityskland, vart styrta og Sofia vart hovudstad i den kommuniststyrte Folkerepublikken Bulgaria (1944-1989).
Geografi
endreSofia ligg strategisk til på Balkan, og er omgjeve av fjell på tre sider. Tre fjellovergangar går gjennom byen, som derfor sidan antikken har lege ved ein svært viktig veg frå Adriahavet og Sentral-Europa til Svartehavet og Egearhavet.
Fleire mindre elvar renn gjennom byen, mellom anna Vladajska og Perlovska. Iskar renn nær dei austre delane av Sofia. Byen er òg kjend for mange mineralkjelder. Det siste hundreåret er det vorte bygd fleire kunstige innsjøar.
Byen ligg 150 km nordaust for Plovdiv, den nest største byen i Bulgaria, 390 km vest for Burgas, 470 kilometer vest for Varna, som er den største hamnebyen i Bulgaria ved kysten av Svartehavhet.
Klima
endreJan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Middla maksimumstemperatur (°C) | 2,2 | 4,9 | 9,8 | 15,7 | 20,3 | 23,5 | 25,9 | 26,0 | 22,6 | 16,6 | 9,6 | 4,1 | 15,1 | |
Middla minimumstemperatur (°C) | −4,9 | −2,9 | 0,3 | 4,8 | 9,0 | 12,1 | 13,8 | 13,4 | 10,4 | 5,7 | 1,2 | −2,7 | 5 | |
Nedbørsnormal (mm) | 28 | 31 | 38 | 51 | 73 | 75 | 63 | 51 | 38 | 35 | 48 | 40 | 572 | |
Middla tal på dagar med regn | 10 | 10 | 10 | 12 | 14 | 13 | 10 | 8 | 7 | 7 | 9 | 11 | 121 | |
Kjelde: World Weather |
Kultur
endreSofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og blandar historia sin med notida med ein merkverdig arkitektstil. Historiske landemerker er mellom anna Bojanakyrkja frå 900-talet (ein del av Bulgaria sin verdsarv), og Alexander Nevskijkatedralen (ei av verdas største ortodokse kyrkjer), og den tidlege bysantiske St. Sofiakyrkja.
Meir moderne arkitektur kan ein sjå på den bulgarske nasjonaloperaen og balletten, Ivan Vazov nasjonalteater, Rakovskigatan teaterdistrikt, Slavejkovtorgets utandørs bokmarked, og Kulturens nasjonalpalass, som er Søraust-Europa sitt største kultur- og kongressentrum.
Det finst 16 universitet i byen, mellom anna Sofia universitet, grunnlagd i år 1888. Sofia er òg setet for eit austortodoks og eit romersk-katolsk stift.
Museum
endreI Sofia finst det mange museum, mellom anna det historiske nasjonalmuseumet, det bulgarske naturhistoriske museum, jord- og menneskemuseumet, det etnografiske museet, det militærhistoriske nasjonalmuseet, det nasjonale polytekniske museet, og det nasjonale jordbruksmuseet. I tillegg finn ein Sofia kunsthall, det bulgarske nasjonalgalleriet for kunst, det bulgarske nasjonalgalleriet for utanlandsk kunst i tillegg til fleire private kunstgalleri.
Demografi
endreHeile hovudstadskommunen hadde totalt 1 326 377 innbyggjarar i år 2006,[6] ein folketettleik på 917,8 innbyggjarar per kvadratkilometer, det høgaste i landet. Sjølve byen hadde totalt 1 203 680 innbyggjarar.[7]
Forholdet mellom kvinner per 1 000 menn var 1 114 og innbyggjaraldringa var 100,3. Fødselsraten per 1 000 innbyggjarar var 7,9, som stadig har minka dei siste 15 åra, medan dødsraten på 12,2 veks.
Arbeidsløysa er markert lågare enn i andre delar av landet - 2,45 % av den yrkesaktive folkesetnaden i 1999, i forhold til 8,97 % for heile Bulgaria i august 2006. Den store delen av arbeidslause med høgare utdanning, 27 %, i forhold til berre 7 % for resten av landet, er karakteristisk for hovudstaden.
Økonomi
endreSofia er det økonomiske sentrumet i Bulgaria. Produksjonssektoren i økonomien er representert av over 800 store fabrikkanlegg, inkludert metallprodukt (75 % av den totale produksjonen i landet), tekstil, gummi og lêrprodukt, trykkprodukt (50 % av den totale produksjonen) og elektronikkprodukt (15 % av den totale produksjonen). Sofia er òg landet sitt finansielle sentrum og heimstad for Den bulgarske nasjonalbanken (i lag med fleire andre bankar). Konstruksjon, handel og transport er andre viktige seksjonar i den lokale økonomien.
Transport og infrastruktur
endreMed sin velutvikla infrastruktur og strategiske plassering er Sofia eit viktig sentrum for internasjonale jarnbanar og bilvegar. Alle større typar transport (bortsett frå vasstransport) er representert i byen, og det finst åtte jarnbanestasjonar, eit flykontrollsenter, og Sofia flyplass (sentrum for flyselskapet Bulgaria Air). Tre europavegar går gjennom byen: 4, 8 og 10.
Kollektivtrafiken har ei viktig rolle i transporten. Den består av undergrunnsbanen Sofia metro, bussar, sporvogner og trollybussar. Det finst over 15 000 lisensierte drosjebilar i byen.
Utdanning
endreSom hovudstad i landet er Sofia den viktigaste byen for utdanning og dei fleste utdanningsmogelegheitene har ein her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sofia (stad)» frå Wikipedia på svensk, den 10. mars 2007.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
- ↑ Ethnic composition of Bulgaria 2011 («Etnisk samansetning av befolkninga 2011», pop-stat.mashke.org)
- ↑ www.sofia.bg Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- ↑ www.grao.bg