Alina Pasj
Alina Ivanivna Pasj (fødd 6. mai 1993) er ein ukrainsk songar, rappar og skodespelar. Ho deltok i den sjette sesongen av ukrainske X Factor. I 2022 vann ho den ukrainske songtevlinga Vidbir 2022 med songen «Shadows of Forgotten Ancestors», og ho skulle representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2022.[1] På grunn av strid rundt ei reise til russisk-annekterte Krim, valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget.[2]
Alina Pasj | |||
| |||
Fødd | 6. mai 1993 (31 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Busjtyno | ||
Fødenamn | Аліна Иванівна Паш | ||
Alias | Alina Pash | ||
Opphav | Ukraina | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | Hiphop, verdsmusikk, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, rappar, komponist |
Bakgrunn
endrePasj vart fødd i Busjtyno i Zakarpatska oblast i 1993.[3] Som 17-åring i 2010 deltok ho i TV-programmet Karaoke na majdani, og 2015 vart ho nasjonalt kjend då ho kom på tredjeplass i den sjette sesongen av ukrainske X Factor.[4][5] I 2019 gav Pasj ut sitt fyrste studioalbum, Pintea: Hory. Albumet gav henne to nominasjonar til den ukrainske musikkprisutdelinga YUNA, og ho vann i klassen beste hiphophit.[6][7] Pasj mottok òg M1 Music Award-nominasjonar og opptredde på Atlas Weekend-festivalen.[8]
I juni 2019 gav Pasj ut albumet Pintea: Misto. To år etter følgde det tredje albumet hennar Rozmova, som gav henne to YUNA-nominasjoner.[9][10][11]
Eurovision Song Contest 2022
endrePasj deltok i Vidbir 2022, det ukrainske svaret på norske Melodi Grand Prix. Vinnaren av Vidbir får representere Ukraina i Eurovision Song Contest. Pasj deltok med låten «Shadows of Forgotten Ancestors». Songen vann juryavstemminga og vart nummer to i telefonavstemminga, og vann Vidbir 2022 samanlagt. Han skulle dimed representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Få dagar etter sigeren vart det likevel strid rundt eit besøk Pasj hadde hatt på russisk-annekterte Krim i 2015. I Ukraina er det strenge reglar for innreise til Krim, blant anna må ukrainarar søke om innreise, og innreisa må skje via Ukraina.[12]
Pasj leverte inn dokumentasjon på at ho hadde reist inn via Ukraina, men kringkastaren Suspilne meinte dokumentasjonen var fabrikkert.[13][14] Til slutt valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget om å representere Ukraina i Eurovision Song Contest, og kommenterte at ho «ikkje ville ha denne virtuelle krigen og hatet. Den viktigaste krigen no er den ytre, den som kom til landet mitt i 2014» – med tilvising til krigen i Aust-Ukraina. Hendinga skjedde òg midt under den spente krisa mellom Russland og Ukraina, der Russland hadde deployert store styrkar langs grensa til Ukraina.[15][16][17]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 2019 – Pintea: Hory
- 2019 – Pintea: Misto
- 2021 – Rozmova
EP-ar
endre- 2020 – Amerikraine Dream
- 2021 – Norov
Singlar
endre- 2018 – «Bitanga»
- 2018 – «Oinagori»
- 2019 – «Oboloka» (med Born Dirty)
- 2019 – «Ne pyly» (med Freel)
- 2020 – «Vysokomirni»
- 2020 – «Ne vpasty» (med Anja Sapajeva)
- 2020 – «Amaga» (med T-Zhuk)
- 2020 – «N.U.M.»
- 2021 – «Molytva»
- 2021 – «Palayu» (med Kretsjet og Donn & Osmon)
- 2021 – «Motanka»
- 2022 – «Shadows of Forgotten Ancestors»
Kjelder
endre- ↑ «Ukraine: Alina Pash wins ‘Vidbir’ national final 🇺🇦» (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022.
- ↑ «Аліна Паш: Якщо я порушила законодавство України – готова відповідати за законом». Henta 13. februar 2022.
- ↑ «От спасателя до финалистки "Х-фактор" : Алина Паш рассказала о своем жизненном пути». Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Рэп-исполнительница Алина Паш: творческий путь и самые популярные хиты (ВИДЕО) | HOCHU.UA» (på russisk). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Vogue.ua. «Карпатская магия в клипе Alina Pash на трек Bosorkanya». Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Восьма церемонія. YUNA 2019» (på engelsk). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Vogue.ua. «Що українські артисти покажуть на Atlas Weekend». Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Певица Alina Pash выпустила новый альбом «Pintea: Misto»» (på russisk). Henta 13. februar 2022.
- ↑ Vogue.ua. «Співачка Alina Pash – про проєкт «ДНК її сутності» та власний стиль». Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Оголошено номінантів YUNA 2021» (på engelsk). Henta 13. februar 2022.
- ↑ «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022.
- ↑ «Ukraine's Eurovision act quits after claims she illegally travelled to Russia-controlled Crimea» (på engelsk). Henta 17. februar 2022.
- ↑ «🇺🇦 Ukraine: Alina Pash Withdraws From Eurovision 2022» (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021.
- ↑ «Ukraine: 'Vidbir' winner Alina Pash will not go to Eurovision 🇺🇦» (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022.
- ↑ «“I don’t want this virtual war” — Alina Pash withdraws from Eurovision following Crimea travel controversy» (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021.
- ↑ AS, TV 2 (17. februar 2022). «Ukrainsk vinner trekker seg fra Eurovision» (på norsk). Henta 17. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Alina Pasj» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2022.