Alise
kvinnenamn
Alise og Alisa er kvinnenamn med fleire moglege opphav. Alise har norsk namnedag den 3. september.
Alise og særleg Alisa kan vera slaviske former av engelske Alice, som igjen er ei form av tyske Adelheid. Dei kan også vera former av arabisk Elissa[1], eit anna namn på dronning Dido av Kartago. Namna kan òg knytast til Elise, Alissa og liknande namn, som kan ha ulike opphav.
Namneberarar
endre- Alisa Koonen (1889—1974), russisk skodespelar
- Alisa Zinovjevna Rozenbaum (1905-1982), russisk-amerikansk forfattar og filosof kjend som Ayn Rand
- Alisa Freindlich (f. 1934), russnsk-serbisk sjakkspelar
- Alisa Kwitney (f. 1964), amerikansk forfattar
- Alisa Galliamova (f. 1972), russisk sjakkspelar
- Alisa Camplin (f. 1974), australsk freestyle-utøvar
- Alisa Childers (f. 1975), amerikansk musikar
- Alisa Drei (f. 1978), russisk-finsk kunstløpar
- Alisa Weilerstein (f. 1982), amerikansk cellist
- Alisa Klejbanova (f. 1989), russisk tennisspelar
- Alise Alousi, irakisk-amerikansk diktar
Musikk
endre- Musikkgruppa Alisa, klassisk russisk rockeband.
Kjelder
endre- «Alisa» ved behindthename.com
- «Alise» ved behindthename.com
- ↑ arabisk skrift اليسار, اليسا og عليسا