Elisa og Elise er kvinnenamn danna som kortformer av Elisabet. Dette namnet stammar frå hebraisk og er sett saman av 'min Gud' og 'sju', som har tydinga 'fullkommen'. Eliza er ein annan skrivemåte medan Else, Elsa, Eli og Lisa er nærskylde namn.

Skodespelaren Elise Hwasser som «Sigrid den fagra».

Elise har namnedag den 17. april.

Elise var det vanlegaste jentenamnet i Frankrike i 2001.

Elise var mykje brukt for norske jentebarn på siste halvdelen av 1800-talet, og hadde igjen aukande popularitet frå 1980-talet.

I 2009 var det 5795 norske kvinner som heitte Elise, 537 som heitte Elisa og 115 som heitte Eliza.

Namneberarar

endre

Annan bruk

endre

«Til Elise», tysk «Für Elise», er eit kjent pianostykke av Beethoven.

Kjelder

endre