Alison Goldfrapp
britisk musikar, songar og musikkprodusent
Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp[2][3] (fødd 13. mai 1966) er ein engelsk musikar og plateprodusent, mest kjend som vokalist i den britiske electronica-duoen Goldfrapp.
Alison Goldfrapp | |||
Goldfrapp på scenen i Oxford i 2010 | |||
Fødd | 13. mai 1966 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Fødenamn | Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1989 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Stemmetype | sopran | ||
Tilknytte artistar | Goldfrapp | ||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Sambuar med | Lisa Gunning |
Ho byrja karrieren i 1994 då ho song på Orbital-albumet Snivilisation og spelte inn dei to songane «The Good» og «The Bad» med trip reggae-gruppa Dreadzone.[4] I 1995 song ho med trip hop-artisten Tricky på songen «Pumpkin» og samarbeidde med Stefan Girardet på to songar for filmen The Confessional.
Goldfrapp møtte komponisten Will Gregory i 1999 og dei skipa Goldfrapp, som fekk kontrakt med Mute Records. Debutalbumet deira, Felt Mountain, kom ut i 2000.
I 2009 fekk ho ein æresdoktorgrad ved University of Portsmouth.[5]
Goldfrapp har gjeve ut sju album så langt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alison Goldfrapp» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bishop, Tom (10. februar 2004). «Goldfrapp cherry-picked for Brit». BBC News. Henta 25. juli 2021.
- ↑ «ASCAP ACE – Search Results». American Society of Composers, Authors and Publishers. Arkivert frå originalen 23. mai 2011. Henta 25. juli 2021.
- ↑ «Master Search: TheGenealogist». www.thegenealogist.co.uk. Henta 25. juli 2021.
- ↑ «Dread Zone* – Artist». Discogs. Henta 6. juli 2018.
- ↑ «Honorary Graduates |». University of Portsmouth. Arkivert frå originalen 10. februar 2012. Henta 25. juli 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Alison Goldfrapp-diskografi på Discogs
- Alison Goldfrapp ved The Internet Movie Database (IMDb)