Base

(Omdirigert frå Alkalisk)

Base er det motsette av ei syre innan kjemien. Ein kan definera ein base på fleire ulike måtar:

  • Definisjon 1. Ein base er eit stoff som kan ta opp proton (H+)
  • Definisjon 2. Eit stoff som frigjer OH--ion
  • Definisjon 3. Ein base er eit stoff som kan gje frå seg elektronpar.

Døme: NH3 + H2O -> NH4+ + OH-

Definisjon 3 er ein lewis-base, og treng ikkje å innehalda OH. Etter denne definisjonen kan ammoniakk reagera som ein base utan å vera løyst i vatn.

Ein base i vatn gjev OH-ion. Løysinga får ein pH større enn 7, dette kallar me ei basisk løysning.


  • Vatn kan vere både base og syre.
  • Base: H2O + H+ -----> H3O *Her tar H2O opp H+
  • Syre: H2O ------>H+ + OH- *Her spalter H2O H+