Ammoniakk

kjemisk sambinding

Ammoniakk (NH3) er ei uorganisk kjemisk sambinding. Stoffet er ein fargelaus gass med stikkande lukt ved romtemperatur. Han er giftig, sterkt basisk og derfor etsande gass som kan skada eller drepa dyr og plantar.

Ammoniakk

Systematisk namnammoniakk
Kjemisk formelNH3
Atommasse17,026549096 atommasseeining
Eigenskapar
Smeltepunkt195 K (−78 °C)-240 K (−33 °C)
Kokepunkt−33,4 grader celsius
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Stoffet vert nytta som råstoff i produksjon av kunstgjødsel. Det kan òg brukast i eksplosiv og i polymerar. I dagleglivet er det likevel mest brukt i sterke reingjeringsmiddel, som salmiakk.

Førekomst

endre

Små mengder ammoniakk i karbonatform, frå rotnande nitrogenhaldige dyre- og planterestar, finst i jordatmosfæren. Det finst ammoniakksalt i all fruktbar jord, i sjøvatn, og i dei fleste væsker som kjem frå plantar og dyr, særleg i urin.

Framstilling

endre
 
Flytande ammoniakk i ein kraftig reaksjon med saltsyre.

Ammoniakk vert produsert etter Haber-Boschprosessen. Hydrogengass og nitrogengass reagerer med ein katalysator tilstades. Dette skjer ved høgt trykk og ein temperatur på 500 °C.

Reaksjonen er:

3H2 + N2 → 2NH3

Kjemi

endre

Ammoniakk er ein base. Molekylet kan ta opp eit hydrogenion og danna ammoniumionet (NH4+). Dette inngår i ulike salt, som får namn på ammonium-. Ammoniumklorid (NH4Cl) er eit døme.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ammoniakk