For syreplantar, sjå syreslekta.

Ei syre er eit stoff som kan gje frå seg H+ ioner (proton), syra kan reagera med ein base og danna eit salt og har pH-verdi under 7 i vassløysning. Sterke syrer er fullstendig protolyserte i vatn, medan svake syrer berre er delvis protolyserte. Det vil seia at ikkje all syra reagerer med vatnet.

Generelt kan ein reaksjon mellom ei syre og vatn skrivast slik:

HA + H2O <--> H3O+ + A-

Ein skil mellom organiske og uorganiske syrer. Aminosyrer og karboksylsyrer er organiske syrer. Dei sterkaste syrene, som svovelsyre, er uorganiske.

Ei einprotisk syre er ei syre som gjev frå seg 1 proton (H+). Ei fleirprotisk syre er ei syre som gjev frå seg to eller fleire protoner (H+)

Definisjonar på ei syre endre

Svante Arrhenius definerte ei syre som eit stoff som kan gje frå seg hydrogenion når ho er løyst i vatn. Etter denne definisjonen må syrer vera vassløyselege. Det er ikkje nødvendig om ein brukar definisjonen til Brønsted og Lowry. Ei Lewis-syre treng ikkje eingong å innehalda hydrogen.

Viktige syrer endre

 
Vinsyre

Organiske endre

Uorganiske endre

Svake endre

Sterke endre

Reaksjonar endre

Salt vert danna i nøytraliseringsreaksjonar mellom syrer og basar. Denne reaksjonstypen er viktig i analysemetoden syre-base-titrering. Endepunktet i titreringa vert funne ved hjelp av ein indikator eller ved pH-målingar.

Bruk av syrer endre

Ein del organiske syrer vert brukt i matlaging. Eddiksyre i form av eddik er mykje brukt, mellom anna i dressingar. Nokre av syrene vert brukt som konserveringsmiddel.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.