Av-og-til

(Omdirigert frå Alkokutt)

Av-og-til, tidlegare Alkokutt, er ein norsk haldningskampanje som blir driven av 50 ulike frivillige medlemsorganisasjonar, både landsomfattande organisasjonar, politiske parti, og lokale aksjonskomitear. Desse organisasjonane har ulikt syn på alkoholhaldig drykk, men er samde i at ein bør redusere alkoholbruken i Noreg. Av-og-til skifta namn frå Alkokutt i 2007. Bodskap, organisering og framgangsmåtar er som før. Generalsekretær er Randi Hagen Eriksrud (2019).

Av-og-til
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971276010
Skipa19. mars 1991
Nettstadhttps://avogtil.no Sjå dette på Wikidata

Av-og-til jobbar for å redusera alkoholbruk i høve der dette kan gje særleg risiko.[1] Han tek for seg alkoholbruk i følgjande situasjonar:

  1. Trafikk
  2. Idrett og friluftsliv
  3. Båt- og badeliv
  4. Livskriser
  5. Graviditet
  6. Arbeidsliv
  7. Samvær med barn og unge

Kjelder endre

  1. «Om Av-og-til», Av·og·til (på norsk bokmål), henta 16. april 2019 

Bakgrunnsstoff endre