Arbeidsliv viser til lønnsarbeid og ordningar knytt til dette. Ein deltakar i arbeidslivet kan vera arbeidstakar, arbeidsgjevar eller sjølvstendig næringsdrivande. Dei som er arbeidslause, trygda eller utfører uløna arbeid som heimeverande, til dømes med husarbeid eller omsorg av familiemedlemmer, blir ikkje rekna som deltakarar i arbeidslivet.

Skogsarbeidar med verneutstyr i Australia.

For å koma inn i arbeidslivet må ein bli tilsett eller starta si eiga verksemd. For å bli tilsett treng ein som regel noko utdanning, som skulegang og lære eller høgare utdanning. Ein kan også bli opplært medan ein arbeider. For å starta ei verksemd treng ein som regel kapital og gjerne også evner eller erfaring innan eit visst område.

Det moderne arbeidslivet er regulert av lovverk, som til dømes set krav til arbeidsmiljø, arbeidstid, minstelønn, pause- og ferieordningar, og avtalar, som arbeidskontrakter og kollektivavtalar. Ulike grupper innan arbeidslivet kan organisera seg, til dømes i fagforeiningar eller arbeidsgjevarorganisasjonar, og inngå ulike avtalar som gjeld arbeidslivet.

Sjå og

endre

Bakgrunnsstoff

endre