Friluftsliv viser til ulike former for aktivitet og opphald utandørs i naturen, som turgåing, sykling, skigåing, bærplukking, jakt og fiske. Ein kan opphalda seg i friluft i ein kortare periode eller med overnatting, gjerne under open himmel, i telt eller i hytter.

Folk på toppen av fjellet Rysy i Polen.

Friluftsliv kan vera knytt til ulike område, som skog, fjell, vidder, vassdrag eller kysten. I mange land er visse naturområde verna slik at dei mellom anna kan brukast til friluftsliv, til dømes som nasjonalparkar.

Ein driv som regel med friluftsliv på fritida. Aktiviteten skil seg frå organisert idrett ved at det ikkje er knytt faste reglar til han, og at det blir lagt vekt på opplevinga heller enn resultatet.

Omgrepet friluftsliv

endre
 
Piknik i Lysekil i 1880-åra.
Foto: Carl Curman

Henrik Ibsen er den første som er rekna for å ha brukt ordet «friluftsliv» skriftleg. Det skjedde i diktet «På Viddene» frå 1859. Her omtaler Ibsen livet på den aude seterstova som «Friluftsliv for mine Tanker».

Fridtjof Nansen er rekna som den som etablerte omgrepet «friluftsliv» i norsk bevisstheit. Gjennom livet sitt i naturen blei han eit viktig førebilde og premissgjevar for ettertida. Han oppsummerte mange av tankane sine rundt friluftslivet i talen «Friluftsliv» som han heldt for skuleungdom i Den norske turistforening i 1921.

Den nyaste offisielle definisjonen av friluftslivsomgrepet i Noreg står i Stortingsmelding nr.39 2000-2001:

Friluftsliv er opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse.

Denne definisjonen ligg til grunn for offentleg forvaltning, tildeling av spelemiddel og liknande. Motoristert ferdsle i utmark og på vassdrag, idrett (inklusive organisert trening) og andre konkurranse- og prestasjonsprega aktivitetar og utandørs aktiviteter i hagar, parkar og urbane strøk ligg utanfor det vedtekne friluftslivomgrepet.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Friluftsliv» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2016.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Stortingsmelding nr.40 (1986/1987) Om friluftslivet
      • Stortingsmelding nr.39 (2000/2001) Friluftsliv – En vei til høyere livskvalitet
      • Forvaltning av nasjonalparker DN-rapport 1996-3
      • Diktet «På Vidderne» av Henrik Ibsen
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.