Muslim League
(Omdirigert frå All-India Muslim League)
All-India Muslim League, kjend som Muslim League, var eit politisk parti skipa i Britisk India ved byrjinga av 1900-talet. Det dreiv ein kampanje for muslimar i kolonien, parallelt med det hindudominerte Kongresspartiet sin kamp for sjølvstyre og etter kvart sjølvstende. Kampen enda med delinga av Britisk India og danninga av Pakistan i 1947.[1]
Muslim League | |||
Land | Britisk India | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Muhammad Ali Jinnah | ||
Grunnleggjarar | Ahmed Khan | ||
Grunnlagt | 30. desember 1906 | ||
Nedlagt | 14. august 1947 | ||
Ideologi | panislamisme, to-nasjoner-teori |
Etter danninga av dei to sjølvstendige landa fortsette partiet som eit mindre politisk parti i India, Indian Union Muslim League, som har vore del av fleire regjeringar. Partiet har gått gjennom fleire delingar. I Pakistan heldt det fram som Pakistan Muslim League eller berre Muslim League. I Bangladesh blei partiet gjenoppliva i 1976, men utan større støtte eller makt.
Kjelder
endre- ↑ «Establishment of All India Muslim League». Story of Pakistan. juni 2003. s. 1. Henta 14. februar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «All-India Muslim League» frå Wikipedia på engelsk, og «All India Muslim League» frå Wikipedia på svensk den 28. mars 2019.