গনপ্রজাতন্ত্রী বাংলাদেশ
Gano Projātontrī Bānglādesh

(norsk: Bangladesh, bangladeshisk)

Det bangladeshiske flagget Det bangladeshiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Amar sjonar bangla»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Bangladesh
Offisielle språk Bengali
Hovudstad Dhaka
Styresett
Republikk
Zillur Rahman
Sheikh Hasina
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
143 998 km² (94.)
7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
157 826 578 (8.)
129 247 233
1 096 /km² (7.)
Sjølvstende
Erklært frå Pakistan
Sigersdagen
26. mars 1971
16. desember 1971
Nasjonaldag 26. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
577 000 mill. USD (33.)
4 300 USD (147.)
Valuta Taka (BDT)
Tidssone UTC +6
Telefonkode +880
Toppnivådomene .bd


Bangladesh (bengali বাংলাদেশ) er eit land i Sør-Asia. Landet dekkjer den austlege delen av den historiske regionen Bengal. Bangladesh ligg nord for Bengalbukta, og grensar til India i aust, nord og vest, og har ei kort grense mot Myanmar i sørvest.

Historie endre

Fram til like etter andre verdskrigen var Bangladesh ein del av den britiske kolonien India. Dagens Bangladesh overlappar med det som den gongen var den indiske provinsen Aust-Bengal.

Ved delinga av India i 1947 vart India delt i den sekulære staten India og den islamske staten Pakistan. Bengal vart delt i to, den vestre delen vart verande i India medan den austre delen vart med i Pakistan. Denne delen fekk namnet Aust-Pakistan, men låg 1500 km frå resten av landet (Vest-Pakistan, det noverande Pakistan).

Vest-Pakistan dominerte den nye staten fullstendig, både politisk og kulturelt. Dette opprørte mange i Aust-Pakistan, sidan denne delen av landet hadde sterkast økonomi, samt eit eige språk som ikkje er nærare beslekta med urdu, det offisielle språket i Pakistan.

Etter at politiske parti som gjekk inn for sjølvstende i Aust-Pakistan vann vala i 1971 med ein overveldande majoritet, byrja prosessen med å skilje seg frå Vest-Pakistan. Dette vart gjort under leiing av Sheikh Mujibur Rahman.

Den pakistanske hæren var fullstendig dominert av Vest-Pakistan, og gjekk inn for å stoppe opprøret. 25. mars 1971 byrja blodbadet, i løpet av tre dagar vart 50 000 sivile bengalarar drepne av hæren. Ti millionar menneske måtte flykte til India, og Rahman vart arrestert. Før han vart arrestert kom han med ei formell sjølvstendeerklæring 26. mars.

India greip etterkvart inn til fordel for Bangladesh, og invaderte Pakistan 4. desember. I løpet av to veker var den pakistanske motstanden knust, og Rahman kunne vende tilbake som den fyrste statsministeren i det sjølvstendige Bangladesh.

Sheikh Mujibur Rahman vart drepen i eit attentat 15. august 1975. 3. november gjennomførte dei militære eit kupp, men allereie 7. november vart leiaren, generalmajor Khaled Mosharraf, kasta i eit motkupp.

General Ziaur Rahman vart no den sterke mannen i landet. Han vart seinare òg vald til president ved vala i 1978. Rahman vart myrda i mai 1981, og Bangladesh vart styrt av dei militære fram til 1991, då Bangladesh vart demokratisk.

Begum Khaleda Zia, enka etter Ziaur Rahman, vann no valet og vart statsminister. Ho vart gjenvald i 1996, men vart seinare same år felt. Frå 2001 kom ho tilbake i posisjon, som leiar av ei koalisjonsregjering.

Politikk endre

Bangladesh er ein demokratisk republikk. Presidenten i landet har avgrensa makt og har i hovudsak ein seremoniell funksjon. Det er statsministeren som er regjeringssjef.

Presidenten vert vald for fem år om gangen. Det er presidenten si oppgåve å peike ut statsministeren, denne må verte vald blant parlamentmedlemmene. Regjeringsmedlemmene vert etterpå valde av statsministeren, men må verte godkjende av presidenten.

Parlamentet i Bangladesh vert kalla Jatiya Sangsad, og består av 300 representantar. Representantane vert valde for fem år om gongen.

Den høgste dømande makta er høgsterett, der leiaren og dei andre domarane vert utpeika av presidenten.

Demografi endre

 
Utviklinga av folketalet i Bangladesh 1960 - 2010.
(klikk på grafen for å sjå ein større versjon)

Bangladesh har stor folketettleik, det bur 1002 personar pr. km².

Folkesetnaden er er etnisk homogen, bengalarar utgjer 98 %. Ein stor majoritet av desse snakkar bengali. Bengali er det offisielle språket i staten, men engelsk er òg utbreidd i offentleg sektor og i utdanningssystemet.

83 % av innbyggjarane i landet er muslimar, med ein stor minoritet (16 %) hinduar.

Folkesetnaden i Bangladesh veks raskt. I løpet av dei siste 40 åra har innbyggjartalet tredobla seg (sjå figuren). Ein tredel av folkesetnaden er under 16 år, og medianalderen er 21,87 år.

Spedbarnsdøydelegheita i Bangladesh er på 63 døde pr. tusen fødde. Forventa levealder er 62 år for begge kjønn.

Analfabetismen i landet er samla sett på 57 %, for menn er talet 46 % og for kvinner 68 %.

Økonomi endre

Bangladesh er eit svært fattig og underutvikla land. BNP pr. innbyggjar er berre 1 998 USD. To tredelar av folkesetnaden i landet er sysselsett innanfor landbrukssektoren, der ris, bomull og jute er dei viktigaste produkta. Bangladesh er verdas største produsent av jute.

Mesteparten av industriproduksjonen i består av tekstilar. Tekstilindustrien i Bangladesh ekspanderte sterkt i løpet av 1980-åra, då det låge lønnsnivået tiltrakk seg utanlandsk kapital. 40 % av kvinnene i Bangladesh jobbar innanfor denne sektoren.

Geografi endre

 
Kart over Bangladesh

Mesteparten av Bangladesh ligg i elvedeltaet der elvane Ganges og Brahmaputra renn ut i Bengalbukta og Indiahavet. Dette er verdas største delta. Elvedeltaet gjer at jordsmonnet i Bangladesh er svært fruktbart, men fører òg til store årlege flaumar.

Bangladesh er òg eit veldig flatt land, det er berre i områda rundt Chittagong i søraust og ved Sylhet i nordaust at landskapet er meir variert. Det høgste punktet i Bangladesh er Keokradong, og ligg i nærleiken av Chittagong.

Klima endre

Bangladesh har eit tropisk monsunklima, om lag som i India. Den kaldaste tida på året frå november til februar er varmare her enn i India. I den varme tida på året, frå mars til tidleg i juni, har ein ofte regn- og torebyer

Den sørvestlege monsunen fører til mykje nedbør i perioden frå juni til september. Det meste av landet får mellom 1500 og 2500 mm i året, og nær grensa mot aust så mykje som 3750 mm. Det meste av regnet kjem i monsuntida i samband med svake lågtrykk i nordlege delar av Bengalbukta.

Ein kan òg få kraftige episodar med regn frå september til november, vanlegvis i samband med kraftige tropiske syklonar. Desse kraftige stormane fører til svært kraftig vind og enorme mengder regn, og er den farlegaste delen av klimaet i Bangladesh. Stormbølgjene og stormfloda hevar havnivået langs kysten og skapar store flaumar i det lågtliggjande deltaområdet. Tropiske syklonar har tatt livet av svært mange menneske i dette landet, den mest døydelege var syklonen Bhola i 1970 som kanskje tok livet av så mange som ein halv million menneske.

Administrativ inndeling endre

Bangladesh er inndelt i seks provinsar, kalla divisjonar. Desse har namn etter provinshovudstadene:

Desse divisjonane er igjen inndelt i undereniningar som vert kalla distrikt. Det er 64 distrikt i Bangladesh.

Bakgrunnsstoff endre