Opna hovudmenyen
Muhammad Ali Jinnah fortel om skipinga av Pakistan på All India Radio 3. juni 1947.
Musikkopptak av den karnatiske musikaren Seetha Doraiswamy i 1950-åra.

All India Radio (AIR), sidan 1956 kjend på lufta som Akashvani, er ein statleg indisk radiokringkastar og ein del av det offentlege kringkastingsselskapet Prasar Bharati. AIR blei skipa i 1936. Han omfattar 414 radiostasjonar i India som til saman når rundt 99 % av indarar.[1]

Kringkastaren har ein nasjonalt kanal som blir send til 65 % av India og når rundt 76 % av innbyggjarane. Programma på denne kanalen er på hindi, engelsk og urdu med noko musikk på andre indiske språk.[2]

Kringkastaren sender innanriksprogram på 23 språk og 146 dialektar, mens utanrikssendingane går på 17 indiske språk og ti internasjonale.[3]

KjelderEndra

  1. «All India Radio», allindiaradio.gov.in. Vitja 2. mars 2015
  2. «National Channel», allindiaradio.gov.in
  3. «About us», All India Radio.

BakgrunnsstoffEndra