Allisonbreen på Heardøya
(Omdirigert frå Allisonbreen)
- Denne artikkelen handlar om breen på Heardøya. For breen i Victoria Land, sjå Allisonbreen i Antarktis.
Allisonbreen er ein isstraum på vestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Allisonbreen flyt frå fjellmassivet Big Ben og ned til sjøen sør for Cape Gazert.[1] Nord for Allisonbreen ligg Vahselbreen, med fronten i South West Bay, mellom Erratic Point og Cape Gazert. Like nord for Vahselbreen ligg Schmidtbreen med enden mellom Mount Drygalski og North West Cornice. Sør for Allisonbreen ligg Abbotsmithbreen, medan Cape Gazert er like vest.
Allisonbreen | |||
isstraum | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Stad | Heardøya | ||
- koordinatar | 53°04′S 73°24′E / 53.067°S 73.400°E | ||
Kjelde | Big Ben | ||
Munning | like sør for Cape Gazert | ||
Tjukkleik | kring 55 meter | ||
Allisonbreen 53°04′00″S 73°24′00″E / 53.0667°S 73.4°E |
Oppdaging og namngjeving
endreAllisonbreen vart kalla opp etter Ian Allison, ein glasiolog som utførte glasiologiske undersøkingar i området i 1971 for Australian Antarctic Division i løpet av Den fransk-australasiatiske antarktisekspedisjonen.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Allison Glacier (Heard Island)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Allison Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Klikk her Arkivert 2014-02-11 ved Wayback Machine. for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane
- Australian Antarctic Division
- Australian Antarctic Gazetteer Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- Composite Gazetteer of Antarctica
- Australian Antarctic Names and Medals Committee (AANMC)
- Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) Arkivert 2010-08-18 ved Wayback Machine.