Erratic Point
Erratic Point er eit lita, mosedekt nes ved South West Bay, 1,3 nautiske mil nordaust for Cape Gazert, på vestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902 kartla eit nes i nærleiken, frå toppen av Mount Drygalski og gav det namnet «Kap Lerche.» I november 1929 kartla British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition under Douglas Mawson eit lite nes på denne staden og gav det namnet «Erratic Point» på grunn av mange massive flyttblokker (erratic blocks på engelsk) her. Australian National Antarctic Research Expedition klarte ikkje å finne eit utprega nes i dette området under kartlegginga deira i 1948 og gav derfor dette vesle neset namnet.[1]
Erratic Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Heard- og McDonaldøyane | ||
- koordinatar | 53°4′S 73°22′E / 53.067°S 73.367°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Erratic Point 53°04′00″S 73°22′00″E / 53.0667°S 73.3667°E | |||
Kart som viser Erratic Point.
|
Kjelder
endre- ↑ «Erratic Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Map of Erratic Point og nordvestkysten av Heardøya
- Map of Heard- og McDonaldøyane, med alle store terrengdetaljar Arkivert 2014-02-11 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Erratic Point» (innhald frå Geographic Names Information System).