Allmannajuvet er eit juv (dalsøkk) mellom Sauda sentrum og Hellandsbygd i Sauda kommune i Rogaland fylke. På slutten av 1800-talet var det gruvedrift på staden, omtala som sinkgruvene i Allmannajuvet. I tida frå 1881 til 1895 vart det vunne ut 12 000 tonn sinkmalm som vart ført til fjorden i Sauda og skipa ut derifrå. Bygg i samband med gruvedrifta var reist på store pælar. Byggverka stod tomme i mange år etter nedlegginga, før Sauda kommune reiv ned det meste av dei. Det vert arbeidd med å byggja opp att nokre av byggverka. Gruvene er ein del av Ryfylkemuseet.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.