Allokton tyder noko som oppstår ein annan stad.

Innan geologi tyder allokton material som er flytta på. Det vert særleg nytta innan studiet av orogenese om bergmassar som er skyvd fram som dekke, samt fossil som ikkje er avleira på den staden dei levde. Det motsette er autokont, som tyder stadeigen.

Innan limnologi vert omgrepet nytta om materiale som vert tilført ein innsjø frå nedslagsfeltet til innsjøen eller frå atmosfæren, samt om sediment som er danna av materiale tilført utanfor.

Kjelder endre

«allokton» i Store norske leksikon, snl.no.