Alluvial
(Omdirigert frå Alluvium)
Alluvial vert nytta om lause elveavleiringar som er danna relativt nyleg, og under same tilhøve som i notida. Alluviale malmar er malmar som opptrer i laus sand og grus avsett av ei elv.
Alluvialt gull er gull som opptrer i elvesand (til dømes sør-vest for Kárášjohka i Finnmark). Ei alluvial flate er ei lita elveslette langs ei elv, bygd opp av flaumavleiringer.
Kjelder
endre- Alluvial. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.