Almaelva i Ukraina
Alma (ukrainsk og russisk Альма, krimtatarisk Alma) er ei lita elv på Krimhalvøya som munnar ut i Svartehavet. Ho munnar ut midt mellom Jevpatoria og Sevastopol. «Alma» er det krimtatariske ordet for 'eple'.
Alma | |||
Альма | |||
elv | |||
Alma nær minnesmerke for slaget ved Alma
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Lengd | 83 km | ||
Kjelde | Krimfjella | ||
Munning | Kalamitabukta i Svartehavet | ||
Almaelva i Ukraina 44°50′45″N 33°35′34″E / 44.8458°N 33.5928°E | |||
Wikimedia Commons: Alma River |
Nær Alma slo dei allierte britiske, franske og osmanske styrkane russarane under prins Aleksandr Sergejevitsj Mensjikov den 20. september 1854 i slaget ved Alma under Krimkrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alma River (Ukraine)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.