Allmenningen
(Omdirigert frå Almenning (Vågsøy))
Allmenningen er ei bygd i Kinn kommune i Vestland fylke. Ho ligg på nordsida av innlaupet av Nordfjorden. Bygda ligg langs Riksveg 15 mot Måløy. Frå Almenningsfjellet kan ein ta av til Selje kommune.
Allmenningen | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kinn | ||
Folketal | 158 (2004) | ||
Postnummer | 6713 | ||
Almenning i Vågsøy 61°54′39″N 5°14′24″E / 61.910959733333°N 5.2398878638889°E |
Bygda er eigen poststad med nummer 6713. I bygda er det eit byggevarefirma som mellom anna produserer vindauge og dører. Den kommunale skulen vart lagd ned i 2002. Bygdefolket fekk ta over bygnaden og har starta privat Montessoriskule.
Almenning er òg eit etternamn med om lag 201 brukarar.