Opna hovudmenyen

Alou Diarra (fødd 15. juli 1981 i Villepinte i departementet Seine-Saint-Denis) er ein fransk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Marseille i den franske fotballigaen, og for det franske landslaget.

Alou Diarra
AlouDiarra.JPG
Fullt namn Alou Diarra
Fødd 15. juli 1981
Villepinte i Frankrike
Høgd 190 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Marseille
Draktnummer 4
Ungdomsklubb
1997-1999 Louhans-Cuiseaux
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2000

2000-02
2001-02
2002-04
2002-03
2003-04
2004-06
2006-07
2007-11
2011-
Frankrike Louhans-Cuiseaux
Tyskland Bayern München
Tyskland Freiburg (lån)
Flag of England.svg Liverpool
Frankrike Le Havre (lån)
Frankrike Bastia (lån)
Frankrike Lens
Frankrike Lyon
Frankrike Bordeaux
Frankrike Marseille

3 (0)
0 (0)
0 (0)
0 (0)
25 (0)
35 (4)
66 (4)
15 (1)
133 (11)
4 (0)
Landslag**
2004- Frankrike Frankrike 35 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 28. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 2. september 2011.

KlubbkarriereEndra

Diarra begynte å spela profesjonell fotball for CS Louhans-Cuiseaux før han gjekk til Bayern München i Tyskland i 2000. Han fekk ingen kampar for førstelaget til Bayern, og var på lån ein periode til SC Freiburg. I 2002 vart han kjøpt av Liverpool, men fekk heller ingen A-lagskampar for dei. I staden var han utlånt til Le Havre og Bastia. Heile 2004/05-sesongen var han på lån til Lens, før han flytta dit permanent mot slutten av sesongen. Der vart han fast på førstelaget, og mens han var der fekk han landslagsdebuten sin for Frankrike. Etter fotball-VM i 2006 gjekk han til Lyon. Lyon vart seriemeistrar, men Diarra hadde ein skuffande sesong, og spelte berre 15 ligakampar. Sommaren 2007 gjekk det spekulasjonar som knytte han til Manchester City, Portsmouth, Newcastle United og Werder Bremen. 19. juli 2007 vart han seld til Bordeaux for 7,75 millionar euro. I 2008/09-sesongen vart han ligameister for andre gong, med Bordeaux.

LandslagskarriereEndra

Diarra debuterte på landslaget i 2004. Under fotball-VM i 2006 kom han inn som innbytar for Patrick Vieira i VM-finalen mot Italia.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 23. mars 2010.