Patrick Vieira

fransk fotballspelar

Patrick Vieira (fødd 23. juni 1976) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Dakar i Senegal. Midtbanespelaren Vieira vart verdsmeister for Frankrike i 1998 og europameister i 2000, dessutan fekk han VM-sølv i 2006.

Patrick Vieira
Patrick Vieira som trenar for New York City i 2016.
Personleg informasjon
Fødselsdato 23. juni 1976 (47 år)
Fødestad Dakar i Senegal
Høgd 193 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Nice (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994-1995 Cannes 49 (2)
1995-1996 Milan 2 (0)
1996-2005 Arsenal 279 (26)
2005-2006 Juventus 31 (5)
2006-2010 Inter 67 (6)
2010-2011 Manchester City  (3)
Totalt 456 (45)
Landslag
1997-2006 Frankrike 107 (6)
Trenar for
2016-2018 New York City (trenar)
2018- OGC Nice (trenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Vieira spelta for AS Cannes frå 1993 til -95. Etter ein mislukka 1995/96-sesong i italienske AC Milan, spelte Vieira på midtbana til engelske Arsenal F.C. frå 1996 til 2005. Gjennom dei ni sesongane vann han tre ligameisterskap og fire FA Cup-titlar med London-klubben. Han spelte i alt 279 ligakampar for Arsenal og skåra 29 ligamål. Sesongen 2005/06 spelte Vieira for italienske Juventus, ein sesong der Juventus fekk flest seriepoeng, men sidan klubben vart dømd for å ha vore involvert i kampfiksing, fråteken Serie-A-tittelen og degradert til Serie B.

Hausten 2006 fekk Vieira kontrakt med Inter i Milano og var med på å vinne italiensk seriegull i fire år på rad. Allereie før han fekk den siste italienske medaljen, hadde han vorte overført til Manchester City på seinvintren 2010. Her kom han inn som innbyttar i sluttsekundane av FA-Cupfinalen 2011, då Manchester City vann 1-0 over Stoke City. Det var han siste kamp på topplan.

Landslagsspel endre

Vieira debuterte for Frankrike i 1997. 1998-2008 var han med i samtlege seks landslagstroppar til dei seks internasjonale meisterskapane i perioden. Under fotball-VM på heimebane i 1998 kom han inn på finalelaget, som innbyttar då Frankrike slo Brasil 3-0. To år seinare var han sentral på midtbana då Frankrike vann EM-gull i Rotterdam. I 2006 var han mellom Frankrikes elleve utvalde til VM-finalen mot Italia, der han vart bytta ut tidleg i andre omgang. Vieira spelte sin 107. og siste landskamp i 2009, med til saman seks nettkjenningar for Frankrike.

Kjelder endre