Alph Lake
Alph Lake er ein innsjø ved foten av Ward Valley på nordvestsida av Koettlitzbreen på Scott Coast i Antarktis. Han er 700 meter lang, og omgjeve av bratte moreneveggar. Han vart namngjeven av Griffith Taylor under Terra Nova-ekspedisjonen, leia av kaptein Robert Falcon Scott, i samband med Alph River, som flyt gjennom innsjøen.[1]
Alph Lake | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°12′S 163°42′E / 78.200°S 163.700°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Alph Lake 78°12′S 163°42′E / 78.2°S 163.7°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Alph Lake». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. februar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Alph Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).