Alph River er ei lita elv i Antarktis, som munnar ut i Walcott Bay i Victoria Land. Ho ligg i eit isfritt område vest for KoettlitzbreenScott Coast. Alph River flyt frå Trough Lake og flyt gjennom Walcott Lake, Howchin Lake og Alph Lake. Han endar i ei subglasial elv under Koettlitzbreen til McMurdo Sound.[1]

Alph River
elv
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 78°12′S 163°45′E / 78.200°S 163.750°E / -78.200; 163.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Alph River
78°12′S 163°45′E / 78.2°S 163.75°E / -78.2; 163.75
Alph River is located in Antarktis
Alph River (Antarktis)

Elva vart namngjeven av Thomas Griffith Taylor under Terra Nova-ekspedisjonen i 1911–13. som utforska delen nord for Pyramid Trough. Han tok namnet frå opningssetninga i Samuel Taylor Coleridge-diktet Kubla Khan, sidan elva held fram nordover eit godt stykke under morene og til slutt forsvinn under Koettlitzbreen til Rosshavet. Dei nærliggande Xanadu Hills er namngjevne frå det same diktet.

Kjelder

endre
  1. S.J. De Mora, R.F. Whitehead and M. Gregory. Aqueous geochemistry of major constituents i Alph River and tributaries in Walcott Bay, Victoria Land, Antarctica. Antarctic Science, (1991), 3. pp 73–86 doi:10.1017/S0954102091000111