Alstadpollen
Alstadpollen er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Han har ei lengd på 1,5 km og ligg mellom Limstrandpollen og Steirapollen. Heile fjordsystemet på har ei total lengd på 7,5 km.
Fjorden har innløp i aust ved sundet Straumen og går vidare til Steirapollen i nord ved Steiraholmen. Europaveg 10 kryssar begge desse sunda og går langs aust- og nordsida av fjorden. Det meste av Alstadpollen strekkjer seg sørvestover til Nesan i botn av fjorden. Grenda Alstad ligg på vestsida av fjorden.