Limstrandpollen
68°16′23″N 14°00′03″E / 68.27306°N 14.00083°E Limstrandpollen er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 3 km vestover, men held fram som Alstadpollen og Steirapollen og har ei total lengd på 7,5 km.
Fjorden har innløp mellom Storøya i nord og Grønhaugen i sør. Det ligg fleire grender og gardsbruk på sørsida av fjorden, som Grundstad og Lyngedal, og på nordsida ligg Limstranden, som har gjeve namn til fjorden. Lengst vest endar pollen i det smale sundet Straumen ved Kremmarneset.
Europaveg 10 går langs heile sørsida av fjorden og kryssar Straumen. I nord går Fv996.