Steirapollen
68°17′06″N 13°55′35″E / 68.28500°N 13.92639°E Steirapollen er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Han har ei lengd på 3 km og ligg innanfor Alstadpollen og Limstrandpollen. Heile fjordsystemet har ei total lengd på 7,5 km.
Fjorden har innløp i sør ved Steiraholmen. Europaveg 10 kryssar sunda og går langs vestsida av fjorden. Grenda Steira, som pollen er kalla opp etter ligg like ved innløpet. Inst i fjorden ligg grenda Elstad.