56°58′24.337″N 15°38′51.436″E / 56.97342694°N 15.64762111°E / 56.97342694; 15.64762111 Alstermo er ein svensk tettstad i Uppvidinge kommun i Kronobergs län i Småland. I 2005 hadde tettstaden 859 innbyggjarar. Alstermo heitte tidlegare Hohultslätt, og var i åra 1942-54 municipalsamhälle. Staden fekk det noverande namnet sitt i 1968.

Alstermo ligg langs breiddene av Alsterån i eit særs skogrikt område i Uppvidinge kommune i landskapet Småland. Frå Alstermo er det ca. 65 km til Växjö, Kalmar og Oskarshamn.

Aktivitetar endre

I Alsterån er det høve for bading, sportsfiske og kanoturar. Staden er òg veleigna for andre fritidsaktivitetar som skogsturar, sykling, riding, bær- og soppturar osv. Det finst tennisbanar, fotballbane, idrettshall og skytebane. Om vinteren er det gode forhold for skeiseløp og langrenn.

Idrettsanlegga vert stort sett nytta av idrettslaget Alstermo IF som driv med fotball, handball, turn, orientering og langrenn.

Kjelder endre