Denne artikkelen handlar om gamle Alta kyrkje. For den nye kyrkja, sjå Nordlyskatedralen - Alta kyrkje.


Alta kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Alta kommune i Finnmark.

Alta kyrkje
kyrkje
Foto: C. Hill
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Alta
Fellesråd Alta
Type Langkyrkje
Arkitekt Stephen Henry Thomas
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1. oktober 1858
 •  Endringar Ombygd 1945-1948, 1977 og 2005-06
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 230
Kart
Alta kyrkje
69°57′53″N 23°15′06″E / 69.9646°N 23.2518°E / 69.9646; 23.2518
Wikimedia Commons: Alta kirke
Alta kyrkje på eit bilete av Anders Beer Wilse frå 1910.

Byggverket er i tømmer og har 230 sitjeplassar. Ho er teikna av engelskmannen Stephen Henry Thomas som var direktør ved Kopparverket i Kåfjord.[1]

Kyrkja, som vart innvigd i 1858 av biskop Knud Gislesen, er den eldste bygningen i Alta sentrum. Det første orgelet vart innvigd pinsedagen 1880. I sluttfasen av andre verdskrigen vart kyrkja sterkt ramponert, og først julaftan 1945 kunne kyrkja takast i bruk att. Ho er sidan utbetra fleire gonger, sist i 2005/06.

Kjelder

endre
  1. «Kopperverket i Kåfjord». Alta museum. Henta 19. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • Alta kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren