Altsjevsk (ukrainsk Алчевськ, russisk Алчевск) er ein by i Luhansk oblast (provins) aust i Ukraina. Han er ei eiga administrativ eining og ligg kring 45 km frå provinshovudstaden Luhansk og like ved Perevalsk. Byen har kring 120 000 innbyggjarar (2004). Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.

Altsjevsk
Алчевськ
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Høgd 211 moh.
Koordinatar 48°28′0″N 38°48′0″E / 48.46667°N 38.80000°E / 48.46667; 38.80000
Areal 55 km²
Folketal 116 000  (2006)
Folketettleik 2 109 / km²
Grunnlagd 1895
Borgarmeister Vladimir Tsjub
Postnummer 94200
Retningsnummer +380 6442
Kart
Altsjevsk
48°28′02″N 38°47′54″E / 48.467222222222°N 38.798333333333°E / 48.467222222222; 38.798333333333
Wikimedia Commons: Alchevsk
Nettstad: http://www.al.lg.ua/

Altsjevsk er eit av dei store industrisentra i Donbas og ein fjerdedel av all produksjon i oblastet skjer her. Hovudnæringa i byen er OJSC "Altsjevsk jern- og stålverk" og "Altsjevsk koks-kjemiske verk".

Byen vart kalla Vorosjylovsk (ukrainsk Ворошиловськ) frå 1931 til 1961 og så Komunarsk (ukrainsk Комунарськ) fram til 1991.

Historie endre

Altsjevsk vart grunnlagd i 1895 då det vart oppretta eit jernverk og ein jernbanestasjon her kalla Juryjivka. I 1903 vart han kalla Altsjevsk til ære for ein lokal russisk oligark som døydde like før.

22. januar 2006 braut fjernvarmesystemet i byen nesten heilt saman etter at ei undergrunnsleidning sprakk i det uvanlege kalde vêret (nesten -40 ºC). Som følgje av dette frøys og sprakk varmeutstyret i dei fleste bygnignane i Altsjevsk, og kring 60 000 innbyggjarar hadde berre elektriske omnar til hjelp. Eit par dagar seinare fraus kloakksystemet til på grunn av mangel på varmt vatn. Dei ukrainske styresmaktene måtte inn og hjelpe innbyggjarane i Altsjevsk frå å fryse og mange innbyggjarar vart evakuerte til varmare delar av Ukraina. I følgje guvernøren i Luhansk oblast var dette den verste menneskeskapte katastrofen i historia til det sjølvstendige Ukraina.

Bakgrunnsstoff endre