Alvøyna i Øygarden
Alvøyna er namn på ei øy i Øygarden kommune i Vestland. Øya ligg nordvest for Bergen, ut mot havet vest av Hjeltefjorden. Tjeldstømarka, utmarka til garden Tjeldstø, ligg på Alvøyna. I 1995 vart 1061 dekar verna som våtmarksområde. På vestsida av Rotevatnet ligg eit fugleobservasjonshus.
Alvøyna | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Øygarden |
Koordinatar | 60°36′11″N 04°49′13″E / 60.60306°N 4.82028°E
|
Areal | 12 km²
|
Høgaste punkt | Sjonarhøyen (39 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 760 (inkl. Stura) (2001) |
Folketettleik | 63 /km² |
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] |
---|---|
224 | 520 |
Alvøy eller Alvøyna er òg namn på ei øy i Raunefjorden i Sund kommune i Hordaland.
Desse to øyane ligg berre få mil frå kvarandre og frå Bergen sentrum. Det har forekomme skjebnesvangre forvekslingar i det redningsmannskap har drege til feil Alvøy på søk etter skipbrotne.[treng kjelde]
Sjå òg
endre- Alvøen eller Alvøy er namn på eit område og ein gard ved Vatlestraumen i Laksevåg i Bergen kommune.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet