Opna hovudmenyen

Alvin «Red» Tyler

amerikansk musikar

Alvin Owens «Red» Tyler (5. desember 19253. april 1998)[1] var ein USA-amerikansk R&B- og neo-bop jazz-saksofonist, komponist og arrangør, rekna som ein av dei vikigaste personane i New Orleans-R&B.[2]

Alvin «Red» Tyler
Fødd5. desember 1925(1925-12-05)
FødestadNew Orleans, Louisiana i USA
Død3. april 1998 (72 år)
DødsstadNew Orleans
FødenamnAlvin Owens Tyler
OpphavUSA
Sjanger
InstrumentSaksofon
Tilknytte artistarDave Bartholomew, Fats Domino, Little Richard, Lloyd Price, Aaron Neville, Lee Dorsey, Dr. John
Verka somSaksofonist, arrangør

BiografiEndra

Han byrja å spele saksofon i marinen i 1945, og då han møntra av byrja han på Grunewald School of Music. I 1949 vart han med i Dave Bartholomew’s R&B band, i lag med Ernest McLean, Frank Fields og Earl Palmer.

Han platedebuterte på den første innspelinga til Fats Domino i studioet til Cosimo Matassa, då han spelte inn «The Fat Man». Han spelte seinare med Little Richard, Lloyd Price, Aaron Neville, Lee Dorsey, og mange andre rhythm and blues-artistar, og var ofte med å skrive arrangementa til songane. I 1955 byrja han å arbeide for Johnny Vincent sitt Ace Records som talentspeidar, og overvaka innspelingar med Huey «Piano» Smith, Frankie Ford og andre. Han spelte òg inn eit album, Rockin' and Rollin', tilskriven Alvin 'Red' Tyler and the Gyros, med eit band som inkluderte Fields, Allen Toussaint og James Booker.[2]

Tyler flytta til California i 1960-åra, der han spelte med Sam Cooke, Larry Williams og andre, før han kom attende til New Orleans i midten på 60-talet. Han var medeigar av Parlo Records, som fekk suksess i 1967 med Aaron Neville sin «Tell It Like It Is».[2] Tyler er oppført som ein av tre låtskrivarar på instrumentalen «Java».

I midten av 1980-åra spelte han inn to jazzalbum, Graciously og Heritage, med vokal av Johnny Adams og Germaine Bazzle.[3] I 1994 spelte han inn The Ultimate Session med Toussaint, Earl Palmer, Mac Rebennack og andre musikarar frå New Orleans.[2]

KjelderEndra

  1. Komara, Edward (2004). Blues Encyclopedia. Routledge. s. 1017. ISBN 9781135958329. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Dik de Heer, «Alvin 'Red' Tyler», Black Cat Rockabilly, 2012. Henta 19. juli 2017
  3. Rose Witmer, Biography, AllMusic.com. Henta 19. juli 2017