Amalie

kvinnenamn

Amalie er eit kvinnenamn av tysk opphav med ei latinsk ending. Det oppstod som ei kortform av gotiske namn med forleddet Amal, som tyder 'verksam'. Namnet har variantane Amálie, Amalia, Amelia, Amelie, Amélie, og Emelie. Amalie har namnedag den 10. september.

Portrettet og namnetrekket til forfattaren Amalie Skram.

Utbreiing

endre

Amalie blei mykje brukt i Noreg på 1800-talet, men bruke avtok gradvis fram mot 1915. Frå 1980-talet auka populariteten raskt, og på 1990-talet og 2000-talet blei det gjeve til rundt 1 % av nyfødde jenter. Det var 4 327 kvinner i Noreg som hadde Amalie som første fornamn i 2007, og 7 130 som bar namnet i 2017.[1]

Amalie er også eit vanleg namn i Danmark, der det blei brukt for 1,4 % av jentebarn i 2005.

Bruk av variantane

endre
Namneform Brukarar¹
Amalia 68
Amelia 184
Amelia 73
Emelie 17
¹ (Nordmenn som har namnet som første eller einaste føremnamn. Kjelde: SSB)

Amalie i kulturen

endre

Namnet er kjend frå den norske julekalenderserien Amalies jul, som blei laga i 1995, og filmen Den fabelaktige Amélie fra Montmartre (ofte kalla berre Amélie) frå 2001.

Kjende namneberarar

endre
 
Amelia Earhart i 1928.

Annan bruk

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre