Dei amerikanske Jomfruøyane
| |||||
Motto: United in Pride and Hope ('Sameina i byrgskap og håp') | |||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Charlotte Amalie | ||||
Styresett President
Guvernør |
Amerikansk oversjøisk territorium Joe Biden Albert Bryan | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
352 km² 1 | ||||
Folketal (2003) - Tettleik |
124 778 354/km² | ||||
Status | Oversjøisk territorium til USA | ||||
Kjøpt av USA frå Danmark Plassert under innanriksdepartementet |
17. januar 1917 27. februar 1931 22. juni 1936 | ||||
Valuta | Amerikansk dollar | ||||
Tidssone | UTC -4 | ||||
Nasjonalsong | «Virgin Islands March» | ||||
Nasjonaldag | 31. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +1-340 | ||||
Dei amerikanske Jomfruøyane er ei øygruppe i det karibiske havet. Øygruppa er eit territorium undergjeve USA.
Geografi
endreØygruppa inneheld fire hovudøyar; Saint Thomas, Saint John, Saint Croix og Water Island, og fleire titals mindre øyar. Dei amerikanske Jomfruøyane er ein del av ei større øygruppe som blir kalla Jomfruøyane. Den andre delen er dei britiske Jomfruøyane. Aust for dei amerikanske jomfruøyane ligg Puerto Rico.
Historie
endre- For meir om dette emnet, sjå Dansk Vestindia.
Jomfruøyane var opphavleg busette av guanajatabeyar, karibar og arawakar. Dei blei oppdaga av Christopher Columbus på den andre Amerikareisa hans, i 1493, og namngjevne etter den heilage Ursula og dei mange tusen jomfruane i følgjet hennar.
I løpet av dei neste tre hundre åra hadde ulike europeiske makter herredøme over øyar i øygruppa, mellom anna Spania, England, Nederland, Frankrike, Danmark og Maltesarordenen.
Det danske vestindiakompaniet slo seg til på St. Thomas i 1672 og på St. John i 1694. Det kjøpte Saint Croix av Frankrike i 1733. Øyane blei koloniar underlagde den danske krona i 1754.[1] Området blei kalla Dansk Vestindia frå 1691.
Økonomien på øyane var basert på slaveproduksjon av sukkerrøyr. Slaveriet blei oppheva av guvernør Peter von Scholten den 3. juli 1848.
I 1917 kjøpte USA den strategisk plasserte øygruppa frå Danmark for 25 millionar dollar. USA ville sikre seg mot at ho fall i tyske hender.
Den siste større amerikanske jomfruøya, Water Island, blei først kjøpt av det danske vestindiakompaniet i 1905. USA kjøpte så øya i 1944, men ho blei først innlemma i jomfruøyterritoriet i 1996.
Samfunn
endreStyresett
endreDei amerikanske Jomfruøyane har status som eit organisert, oversjøisk uinnlemma territorium i USA.[2] Dei er eit sjølvstyrt representativt demokrati der guvernøren har den utøvande makta. Senatet har den lovgjevande makta. Det har femten senatorar som blir valde annakvart år.[3] Sidan 1970 har innbyggjarane vald guvernør kvart fjerde år.[4]
Samferdsle
endreDei amerikanske Jomfruøyane har venstrekøyring.
Økonomi
endreTurisme er den viktigaste næringa ved sidan av jordbruk og industri.
Kjelder
endre- Water Island frå vinow.com
- Denne artikkelen bygger på «American Virgin Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2020.
- Referansar
- ↑ «De amerikanske Jomfruøyer» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «CIA World Factbook- US Virgin Islands». Arkivert frå originalen May 16, 2016. Henta 14. juli 2019.
- ↑ «Legislature of the Virgin Islands». Ballotpedia. Ballotpedia. 1. juli 2016. Arkivert frå originalen 23. mai 2017. Henta 24. februar 2017.
- ↑ «Virgin Islands - History». Encyclopaedia Brittanica. Henta 2. januar 2020. «All military, civil, and judicial power was invested in a governor appointed by the president of the United States./In 1968 an act was approved, which took effect in 1970, legalizing the popular election of the islands’ governor and lieutenant governor for four-year terms.»