Amarantfamilien
(Omdirigert frå Amaranthaceae)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå amarant (fleirtyding).
Amarantfamilien (Amaranthaceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Etter nyleg omklassifisering av meldefamilien (Chenopodiaceae) omfattar amarantfamilien rundt 2 500 artar fordelt på om lag 180 slekter.
Amarantfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae Juss., 1789 |
Blomsane til plantar i amarantfamilien er små, men sit ofte i store blomsterstandar med hinneaktige beger- og høgblad, farga i kvitt, gult eller raudt. Fleire av dei blir brukte som matplantar, til dømes høyrer bete, spinat og quinoa til her. Mange artar i slektene Amaranthus og Celosia blir dyrka som prydplantar då dei kan ha fargerike blad og blomar. Fleire amarantar er halofyttar som trivst i salthaldig jord.
Slekter
endreDette er eit kort oversyn over slekter fordelt på underfamiliar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amarantfamilien» frå Wikipedia på bokmål, og «Amaranthaceae» frå Wikipedia på engelsk den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Amaranthaceae family, APWebsite
- Amarant: botanikk (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. mars 2014.
- Amarantfamilien (20. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Amaranthaceae