Amarok er ein open kjeldekode-lydavspelar for Unix-liknadne operativsystem. Amarok er ein del av KDE, men vert utvikla uavhengig av resten av KDE. Amarok er òg tilgjengeleg for Mac OS X og Windows, men utan brukarstøtte.

Amarok


SkaparMark Kretschmann
Utgjeve23. juni 2003[1]
Nyaste versjon2.9.0 (7. mars 2018)[2][3]
OperativsystemUnix-variant, Microsoft Windows
Skrevet iC++
SjangerDigital lyd
TypeMediaspelar
LisensGPL 2.0+
Nettstadhttps://amarok.kde.org/

Format endre

Amarok handsamar fleire format, som WAV, FLAC, Ogg Vorbis, AACand, MP3, AAC, WMA, Apple Lossless, WavPack, TTA, Musepack og RealMedia. Det er òg støtte for Last.fm og Magnatune. Det er òg funsksjonalitet for å ta imot audiostraumar og podcast frå internett.

Musikkbibliotek endre

Amarok organiserer musikkfiler i eit musikkbikliotek, som òg tek vare på metadata og har innebygd ymse funksjonalitet for sortering og filtrering. Amarok let ein setta opp såkalla «smarte spelelister» etter ulike kriterium.

Informasjonshandsaming endre

Amarok skil seg frå dei fleste andre lydavspelarane ved at det handsamar kontekstinformasjon, som informasjon om musikken, lyrikk, musikarane og så vidare. Noko av denne informasjonen vert henta frå Wikipedia. LibriVox kan nyttast for å lesa opp informasjon. Amarok har innebygd ein eigen database der denne informasjonen vert lagra. Når ein spelar av musikk syner Amarok denne informasjonen, som òg kan tilpassart interessane til lyttaren.

Kjelder endre