Amaury Sport Organisation

Amaury Sport Organisation (ASO) er eit fransk selskap som arrangerer sportskonkurransar, og står attom slike kjende konkurransar som Tour de France, Paris-Roubaix, Paris-Nice, Rally Dakar, Marathon de Paris, Open de France og Roc d'Azur. Selskapet inngår i medieselskapet Groupe Amaury, som eig sportsavisa L'Équipe.

Logo

Soga endre

Den franske staten gav i 1947 avisene Le Parisien libéré og L'Équipe løyve til å arrangere sykkelkonkurransen Tour de France, som ikkje hadde vore køyrde sidan 1939. i 1965 vart L'Équipe overteke av Editions Amaury, som på det viset vart eineeigar av Tour de France.

I september 1992 vart Amaury Sport Organisation skipa, og femna frå då av om selskapa Société du Tour de France, som arrangerte sykkelløpet, og TSO, som arrangerte langdistanseløpet le Rallye Dakar for bilar og motorsyklar. I 1998 fekk Amaury Sport Organisation hand om arrangementet av maratonløpet Marathon de Paris, skipa av Stade français i 1978, i 2002 vart sykkelløpet Paris-Nice kjøpt, og i 2003 tok selskapet hand om å arrangere Open de France i golf, som var skipa i 1906. I 2004 engasjerte selskapet seg i hestesport i samarbeid med den franske smanslutninga Fédération française d'équitation, i 2008 kjøpte Amaury Sport Organisation 49 % av Unipublic, som arrangerte det årlege sykkelløpet Vuelta ciclista a España («Spania rundt»), og i 2010 overtok selskapet sykkelløpet Critérium du Dauphiné libéré frå avisa Dauphiné libéré. I 2012 vart langdistanseregattaen (seilbåtkonkurransen) Tour de France à la voile kjøpt frå Éditions Larivière.

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.