Regatta er ein konkurranse mellom mannskap i seglbåtar om å kome fyrst frå start til mål på ei bane markert av utlagde bøyer i sjøen, eller for større seglbåtar eller seglskip, frå start til mål mellom stader langs større havstykke.

Regatta i Sables-d'Olonne i Frankrike.
Regatta med små seglbåtar (segljoller). Det er viktig å halde båten på rett kjøl ved å henge utanbords på losida etter ein trapes festa i masta, og soleis utnytta vinden best mogleg ved ikkje å redusere seglarealet.

For slike typar regatta som går føre seg på baner markert med bøyer, må deltakarane runde bøyene etter ein kurs som er fastsett på førehand av dei som arrangerer regattaen. Vanlege reglar for segling gjeld, mellom anna reglane om vikeplikt for andre seglbåtar.

Regatta, helst omtalt som segling, inngår som ei av konkurransegreinene under dei olympiske sommarleikane.

Nemninga regatta vert òg nytta i somme høve om liknande konkurransar for båtar med motor.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Regatta