Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Løpet er rekna som svært krevjande, og ordet «maraton» blir ofte brukt for å beskrive noko som krev stort uthald.

Den kenyanske maratonløparen Catherine Ndereba under VM i friidrett 2005.

Namnet maraton kjem frå ei gresk legende som fortel om korleis soldaten Pheidippides sprang frå byen Marathon (i dag Marathónas) i Hellas til Athen for å forkynne at perserane hadde blitt slått i slaget om Marathon. Legenda fortel at Pheidippides døydde like etter han hadde fått fortalt at grekarane hadde vunne slaget.

Standardlengda på 42 195 m er ikkje den nøyaktige distansen mellom Marathon og Athen. I OL frå 1896 til 1920 varierte maratondistansen mellom 40 km og 42,75 km. I 1921 bestemte det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) at standardlengda skulle vere 42 195 m. Det var den distansen som blei sprunge i OL i 1908, mellom Windsor og White City Stadium i London.

Det gjekk likevel ei tid før standardlengda blei endeleg etablert. Under EM i friidrett i Oslo i 1946 var maratondistansen på 40 200 m, og i Sverige blei standardlengda innført først i 1948.[1]

Rekord Kven Nasjonalitet Tid Kvar Når
Verdsrekord, menn Dennis Kimetto Kenya 2.02.57 Berlin 2014
Verdsrekord, kvinner Paula Radcliffe England 2.15.25 London 2003
Norsk rekord, menn Geir Kvernmo Noreg 2.10.17 London 1987
Norsk rekord, kvinner Ingrid Kristiansen Noreg 2.21.06 London 1985

Kjende norske maratonløparar endre

Nokre norske maratonløp endre

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. desember 2005, henta 8. juni 2009 

Bakgrunnsstoff endre