Ameland (vestfrisisk It Amelân) er ein kommune og ei øy i Dei vestfrisiske øyane utanfor kysten av Nederland. Ho består stort sett av sanddyner. Det går ferje frå Holwerd på fastlandet til øya.

Ameland
Satellittbilete av Ameland
Satellittbilete av Ameland
Satellittbilete av Ameland
Plassering
Plassering av Ameland
Plassering av Ameland
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Friesland
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

268,50 km²
  60,02 km²
  208,48 km²
InnbyggjararStatline
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

3 452
  58/km²
Koordinatar 53°26′N 5°44′E / 53.433°N 5.733°E / 53.433; 5.733
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.ameland.org

Landsbyar endre

Historie endre

 
Det automatiserte fyrtårnet på Ameland

Øya vart først nemnd som Ambla på 700-talet og betalte skatt til grevskapet Holland fram til 1424Ritske Jelmera erklærte øya for eit friherskap (vrijheerschap).

Sjølv om Holland, Friesland og Det tysk-romerske riket slost mot dette sjølvstendet, vart ho verande eit friherskap fram til familien Cammingha døydde ut i 1708. Etter dette vart den frisiske statthaldaren Johan Willem Friso av Orange-Nassau herre over Ameland og etter han sonen hans, som var statthaldar for heile Nederland, Vilhelm IV av Orange, og barnebarnet Vilhelm V av Orange.

Berre i grunnlova frå 1813 vart øya endeleg ein del av Nederland (provinsen Friesland). Dei nederlandske kongane og dronningane har framleis tittelen Vrijheer van Ameland i dag.

I 1940 vart øya okkupert av Tyskland og sidan ho var av liten militær verdi invaderte dei allierte aldri øya. Dei tyske styrkane vart derfor verande på øya fram til 2. juni 1945, nesten ein månad etter Nazi-Tyskland kapitulerte.

Språk endre

Ameland er den einaste av dei frisiske øyane som det ikkje blir tala frisisk på i dag. Grunnen kan vera at det har vore stort nederlandsk nærvær på øya gjennom tidene.

Turisme endre

Ameland er som dei andre frisiske øyane eit populært turistmål. Turistane er hovudsakleg frå andre delar av Nederland og frå Tyskland.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ameland

Kjelder endre