Vestfrisisk ((Westerlauwersk) Frysk) er det frisiske språket som vert snakka i den nederlandske provinsen Friesland. Når frisisk vert omtalt i denne artikkelen er det vestfrisisk (Westerlauwers) det viser til. I tillegg til vestfrisisk eksisterer enno dei mindre frisiske språka austfrisisk (Saterfrisisk) og nordfrisisk.

Vestfrisisk
(Westerlauwersk) Frysk
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Frisisk
    Vestfrisisk
Bruk
Tala i Nederland
Vestfrisisktalande i alt 440 000[1]
Offisiell status
Offisielt språk i Friesland i Nederland
Språkkodar
ISO 639-1 fy
ISO 639-2 fry
ISO 639-3 fri – vestfrisisk
stq – saterfrisisk
frr – nordfrisisk
Wikipedia på vestfrisisk

Offisielt frisisk

endre

Offisielt frisisk er utvikla basert på dialektane kleifrisisk og woudfrisisk, denne vert brukt i undervising og i offentleg forvalting. Frisisk rettskriving har gått gjennom fleire reformer, sist med Steatestavering (Statsrettskrivinga) for den Frisiske provinsen i 1980.

Frisisk er eit nasjonalt minoritetsspråk i Nederland. I tillegg er språket verna av den europeiske traktaten for vern av regionale minoritetsspråk. Frisisk språk og litteratur er valfritt fag i Friesland og ein kan ta eksamen på vidaregåande nivå. Vidare kan ein studere frisisk ved Universitetet i Amsterdam (Universiteit van Amsterdam) og Groningen (Rijksuniversiteit Groningen).

 
Provinsen Friesland

Dialektar

endre

Frisisk kan delast opp i følgjande dialektar:

  1. Noordhoeks (nord for Dokkum)
  2. Kleifries (nord og vest for Leeuwarden (Ljouwert))
  3. Woudfries (aust i Friesland og lengst vest i provinsen Groningen)
  4. Zuidwesthoeks (lengst sør og sør-vest i Friesland)
  5. Hindeloopers (i Hindeloopen)
  6. Aasters og Westers (aust og vest på øya Terschelling)
  7. Schiermonnikoogs (på øya Schiermonnikoog)

Tal på brukarar

endre

I 2004 vart frisisk snakka av omtrent 440 000 i Friesland. Av desse hadde omtrent 350 000 frisisk som morsmål, det svarar til litt over halvparten av befolkninga i Friesland. Det finst inga nyare undersøking om kor mange som snakkar frisisk på verdsbasis. I ein publikasjon i 1976 talde dei 700 000 frisiskspråklige.[2]

Relaterte språk

endre

Frå 1500-talet vart det i ein del frisiske byar snakka eit blandingsspråk av hollandske dialektar og frisisk. Dette er kjent som byfrisisk. Språkvarianten, som vanlegvis vert rekna som ein nederlandsk dialekt, taler ein i tillegg i Bildt, på øya Ameland og i Midsland på øya Terschelling.

Døme

endre
«Bûter, brea, en griene tsiis» osb.

Bûter, brea, en griene tsiis; (smør, brød og grøn ost)
wa't dat net sizze kin, is gjin oprjochte Fries. (han som ikkje kan seie det, er ingen verkeleg friser)

Eit anna døme er den frisiske nasjonalsongen, Dei âlde Friezen. Første vers og refreng går slik:

Frysk bloed tsjoch op! Wol no ris brûze en siede,
En bûnzje troch ús ieren om!
Flean op! Wy sjonge it bêste lân fan d'ierde,
It Fryske lân fol eare en rom.

Refreng:
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
Referansar
  1. Ethnologues tal for frisisk
  2. Gordon, Raymond G., Jr. (eid.), 2005. Ethnologue: Languages of the World, Fifteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International

Bakgrunnsstoff

endre