America av Neil Diamond
America Singel av Neil Diamond frå albumet The Jazz Singer soundtrack | ||
B-side |
«Songs of Life» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. april 1981 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:27 (singel) 4:19 (album) | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Neil Diamond | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Bob Gaudio | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Hello Again» (1981) |
America | «Yesterday's Songs» (1981)
|
«America» (òg kjend som «They're Coming to America» eller «Coming to America«) er namnet på ein patriotisk song skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond i 1980 som ein del av The Jazz Singer. Songen vart ein hit i USA i 1981 og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 vart den sjette singelen til Diamond som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.[1] Billboard vart rangert som den 62. beste popsingelen for 1981.[2] Sjølv om det kan høyrast ut som eit konsertopptak, vart songen spelt inn i studio, og lyden av publikum lagt på sidan.
Bakgrunn
endreTemaet i songen er ei positiv tolking av innvandringa til USA både tidleg på 1900-talet og i dag. Songen endar med at den tradiosjonelle patriotiske songen «My Country, 'Tis of Thee» vert blanda inn.
Songen var mellom nytta som kjenningsmelodi for presidentkampanjen til Michael Dukakis i 1988 og som marknadsføring for sommar-OL i 1996. Diamond song òg songen ved hundreårsjubileet for Fridomsgudinna.[3]
Kort tid etter terroråtaka i New York 2001 endra Diamond teksten på «America» noko på konsertane sine. I staden for «They're comin' to America», mot slutten vart det «Stand up for America».[4][5]
Trass i den patriotiske meldingar vart han av Clear Channel Communications rekna med blant songane som vart rekna som upassande etter 11. september-åtaka.[6]
Andre versjonar
endreNew Age-pianisten David Lanz spelte ein versjon av songen av albumet Finding Paradise.[7]
Den argentinske rockeartisten Laureano Brizuela spelte òg songen, på spansk, i 1989.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «America (Neil Diamond song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 78.
- ↑ «Pop Singles». Billboard Magazine. December 26, 1980. s. YE-9. Henta 16. august 2012.
- ↑ Laura Jackson. Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion (ECW Press, 2005): s. 165.
- ↑ Isaac Guzman, "American Icon: Neil Diamond shows his colors at Garden concert Arkivert 2012-07-16 ved Wayback Machine.." Daily News Feature Writer.
- ↑ Scott Holleran. "Neil Diamond Diamond Shines in Red, White and Blue Arkivert 2012-03-30 ved Wayback Machine." (2001). Los Angeles Daily News.
- ↑ Strauss, Neil (19. november 2001). «The Pop Life; After the Horror, Radio Stations Pull Some Songs». Arts (The New York Times). Henta 3. september 2013.
- ↑ «Finding Paradise overview». Allmusic.com.
Bakgrunnsstoff
endre- Tekst frå Neildiamondhomepage.com Arkivert 2013-09-07 ved Wayback Machine.