American Highland
American Highland er den delen av Antarktis som ligg innanfor Ingrid Christensen Kyst og aust for Lambertbreen, og består av ei høgtliggande snøflate 2800 meter over havet, med fleire nunatakar (Grove Mountains) nær 75°E. Området vart oppdaga og namngjeven av Lincoln Ellsworth den 11. januar 1939, på ein flytur frå skipet hans og av Australian National Antarctic Research Expeditions (1956 og 1957), som gjekk i land her for stjerneavgjersle ved Grove Mountains, 1958.
American Highland | |||
platå | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Antarktis | ||
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 72°30′S 78°00′E / 72.500°S 78.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
American Highland 72°30′S 78°00′E / 72.5°S 78°E | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «American Highland» (innhald frå Geographic Names Information System).