Ametaboli

Ametaboli er ei sjeldan form for livssyklus hjå insekt kor den einaste skilnaden på larve og det vaksne insektet er storleiken, stundom òg talet på kroppssegment. Ametabole insekt manglar vengjer, og omfattar mellom anna spretthalar og sølvkre.

Ametaboli står i motsetnad til hemimetaboli og holometaboli.