Sølvkre
Sølvkre eller sylvkre (Lepisma saccharina) er eit lite insekt som høyrer til børstehalane. Dei vaksne dyra er mellom 7 og 12 mm lange.[1] Insektet er også kjent under den folkelege nemninga «sølvfisk».
Sølvkre | |
Sølvkre | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Zygentoma |
Familie: | Lepismatidae |
Slekt: | Lepisma |
Art: | Sølvkre L. saccharina |
Vitskapleg namn | |
Lepisma saccharina |
Kroppsforma er noko flattrykt, langstrekt og smalar av bakover. Kroppen er dekt av små, blanke skjel, og bakarst har dyret tre lange haletrådar.
Sølvkreet trivst best på varme stadar med høg luftfuktigheit, og ein finn dei gjerne på badet og på kjøkkenet. Dei er lyssky, og kjem fram om natta for å ete. Med typiske raske, buktande/symjande rørsler rømmer dei frå lyset når ein til dømes kjem inn på badet, difor har dei fått namnet «sølvfisk» på folkemunne. Om dagen gøymer dei seg vekk i sprekkar, under golvfliser og golvbelegg, under kjøkkenbenkar, bak fliser og panel osb. Dyra et alle slags stivelses- og sukkerhaldige stoff som brødsmular, mjøl, såperestar, tapetklister osb. Dei et òg proteinhaldige stoff som døde insekt. I tarmen har sølvkreet enzym som gjer at dei òg kan fordøye papir. Dette gjer at dei i nokre tilfelle opptrer som skadegjerarar i museum og arkiv ved at dei til dømes gneg seg inn i bøker og frimerkesamlingar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Anders Aak (12. august 2021). «Sølvkre». Folkehelseinstituttet. Henta 13. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) sølvkre hos Artsdatabanken
- (en) sølvkre i Encyclopedia of Life
- (en) sølvkre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) sølvkre hos Dyntaxa
- (en) sølvkre hos Fauna Europaea
- (en) sølvkre hos Fossilworks
- (en) sølvkre hos ITIS
- (en) sølvkre hos NCBI
- (en) Kategori:Lepisma saccharina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Lepisma saccharina – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lepisma saccharinum – detaljert informasjon på Wikispecies